lørdag 26. september 2026

Overliv i raud ulldamask

 



  

Her går ein litt lenger tilbake i tid enn ved dei to førre overliva. Dette overlivet er sydd av raud ulldamask, har brei rygg og rett nedkant framme. Det er kvarda med 2 cm blå silke langs halsen, framme og i høgre ermehol. I venstre ermehol er silken truleg blitt fjerna. På skuldrene er silken 2,5 cm brei. Dei 5–6 cm under ermane har ein annan blå kvalitet. Ein 2,2 cm brei gullknipling ligg innanfor den blå silken, unnateke på skuldrene og 7 cm under ermane. Fôret er av tynt, lerretsvove og ubleikt stoff, lin eller bomull, og dette er skøytt både midt bak, på eit framstykke og under ermane. Livet er lukka med eitt par messinghekter nedst i midja. Det er ikkje merke etter ringar til snøring av plagget.

Mål: 

Høgde rygg: 28,5 cm
Breidde rygg: 29 cm
Breidde skulder: 9,5 cm
Høgde side: 11 cm
Høgde framme: 23 cm
Vidde liv: 82 cm


English summary:

This passage describes a bodice (vest) from an  older historical period than two previously mentioned examples:

Material & Cut: Made of red wool damask, featuring a wide back and a straight lower front edge.

Trim & Edging: It is bound (kvarda) with 2 cm wide blue silk along the neckline, front edges, and right armhole (the blue silk was likely removed from the left armhole). A different quality of blue fabric is used under the arms.

Lace Details: A 2.2 cm wide gold lace trim sits just inside the blue silk, except on the shoulders and under the arms.

Lining: Lined with thin, plain-weave, unbleached fabric (either linen or cotton), which is pieced together at the center back, on one front panel, and under the arms.

Fastening: Closes with a single pair of brass hooks and eyes at the bottom of the waist. There are no traces or marks of rings for lacing the garment.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar