tirsdag 10. november 2026

Sjeldan bringeklut i smøyg

 


Sjeldan bringeklut i smøyg, sydd på linstoff med tynt ullgarn i fargane raudt, blått, gult/oker og grønt. Grøne rutefelt på sidene øvst, nedst er det brodert bokstavar med korssting i dei trekantforma felta: I (?), H, D (for dotter) og S, dei to siste bokstavane med litt tjukkare ulltråd. Det kvite linstoffet viser som ein del av smøygsaumen. Smøygbroderiet er supplert med korssting på sidene og ei bord med klostersaum øvst. 2,5 cm blå silkekvarde og 1,5 cm breie grindvovne band på sidene, eit smalt sølvband ovanfor broderiet. Motiv er store romber på høgkant inni kvarandre, med fire små romber i midten med gule prikkar inni, dessutan fleire rader med firkantforma sikksakkar. Breidde 24/25,5 cm, høgde 20 cm. Baksidestoffet har striper i blått og kvitt, truleg linstoff. Monteringa kan likna ei form for lappeteknikk. Bringekluten er utan innlegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar