søndag 31. mai 2026

Bringeklut i friske fargar


Det broderte feltet måler 6,5 x 16 cm og er sydd med leggjesam og korssting  på ein strameiliknande botn. Motivet lyser opp med blått ullgarn i botnen og blome- og bladmotiv i raudt, oransje, gult, grønt og blått. Det er noko slitasje enkelte stader der botnstoffet tittar fram gjennom broderiet. Bokstavane «AMKDØ» er broderte i ein rosa tone, og broderiet er ramma inn med ulike metallband både over og under.

Øvst finn me eit raudt toskafts ullstoff, og det er uvisst om det opphavleg kan ha vore ein annan kvarde over dette igjen. Både midtfeltet, sidefelta og baksida består av eit mønstra stoff med sjarmerande prikkar, stjerner og ruter. Bringekluten måler totalt 25 cm i breidda og 27 cm i høgda.

Gjennom tidene har tekstilteknikkar stilisert plantar og blomar på ulikt vis. Før i tida skulle ein helst ikkje gjenskapa naturen direkte – ein skulle trass alt ikkje konkurrera med Guds skaparverk. Mot slutten av 1800-talet snudde derimot motebiletet, og det naturalistiske vart idealet på kva som var «ekte». Denne brytningstida har sett tydelege spor etter seg, også i motiva på bringeklutar som denne.

søndag 24. mai 2026

Bringeklutar med tulipan- eller krunemotiv?

 




Bringeklut 1 har ei høg bord (7,6 x 14,5 cm) med korstingsbroderi på stramei i raudt, grønt, lysegult, svart, samt blå-lilla botnfarge. Motiv er to grøne romber med Andreaskors inni og to kruner? Så er det seks stiliserte tulipanar - eller kanskje er det kruner? Svart fløyelsband med rosemønster øvst. Felt av grønt ullstoff 14,5 x 17 cm nedanfor broderiet. Baksidestoffet av stormønstrete flanell er lagt fram på forsida to og tre cm. Fint montert med handsaum, evt. kan sidefelta av gammalrosa bomullsstoff vera sydd til med maskin. Fin liten detalj med lilla-mønstrete bomullsstoff bak fløyelsbandet. Ytre mål er 28 x 29,5 cm. 



Bringeklut 2 har ei tettsauma bord med korssting på stramei 9 x 15 cm med stiliserte motiv av tulipanar eller kruner, omkransa av ei raud bord og bokstavane AMMH under. Sjatteringar i orange/gult, raudt og grønt. Botn er fylt ut med blå sting. Svart felt av ullstoff 14 x 16 cm. Lillamønstrete og rosa sidefelt. Baksidestoff av rosa/beige bomullsstoff med små trykte motiv. Kvarde av svart fløyelsband med rosemønster og 1,5 cm breitt gullband. Bringekluten måler 30 x 30 cm og er truleg handsydd. Broderiet er noko falma og kan ha endra fargar.

Dersom teorien om krunemotiv er rett er det tenkjeleg at dette kan ha samanheng med kampen om unionsoppløysinga kring 1900- og kvifor ikkje markera dette på ein bringeklut! Den eine bringekluten er frå Vattedal, den andre frå Uggdal. 


tirsdag 12. mai 2026

Staseleg bringeklut med essarand-bord

 

Denne gongen kjem blogginnlegget litt tidleg i veka!

Essarand- motivet har vore mykje nytta i Vesten; det kan stå for likevekt. Her finn me det som liggjande S-form i ei bord på tvers av bringekluten. Borda er brodert på stramei med grøn ulltråd i botnen med leggjesaum og korssting. Ho måler 7 x 16 cm, medrekna fleire perlerader og trekantar bortover. Fleirfarga perledekor med blad og to nonfigurative symbol, omslutta av essarand i lyse perler. 

Kvarde av to cm svart fløyelsband med rosemønster. Svart midtfelt av fløyel på 15,5 x 15,5 cm. Den kvite perlelissa er sydd fast til fløyelen. Det er rutevovne sidefelt og eit rosa felt av småmønstra bomull nedst. Baksida er spennande, laga av eit bomullsstoff med stripe - truleg gjenbruk av ein mjølsekk eller liknande. Alt er montert for hand. Høgda er 32 cm, og breidde er 27 cm (26 cm nedst). Bringekluten er av den lange typen, noko som tyder på at han er frå seint på 1800-talet.

Bringekluten stammar frå Reksteren og har tilhøyrd familien til Ingrid Borgen i Uggdal (f. 1916). Mor hennar var Gjertrud Marie Haukafær (1878–1968), og mormora heitte Sisilia Larsdotter Aase (1835–1904). Bringekluten kan òg ha tilhøyrd den eldre søstra til Gjertrud, Ragnhild Sofie Johannesdtr. Øvra-Haukafær (1867–1897).

Ein stor takk til Grethe Johanne Hjertaker (dotter til Ingrid), som har teke vare på bringekluten og no gitt han vidare til meg.



søndag 10. mai 2026

Bringeklut med stjerneforma perlenett

 


Nydeleg eldre type bringeklut med perlenett: Kvit åttebladrose- eller stjerne omkransa av grøne, okergule og blå perler. Det kan sjå ut som perlenettet er starta i midten, men kan ikkje seia det for sikkert. Øvst på perlenettet to ruter med greske kors, samt eit Ave Maria monogram på kvar side. Perlenettet er montert på raud ulldamask 15 x 15,5 cm. Kvarde av blå silke, nesten dekt av eit svart fløyelsband med rosemønster og eit smalt gullband. I tillegg kanta på sidene øvst med smalt lysebrunt bomullsband. Bringekluten måler 21,5 x 26,5 cm og er montert for hand. Tynt ubleika lerret rundt midtfeltet. Fôra med ubleika tettvoven lin/bomull. Første kjende eigar er Brita Serina Hansdtr. Skorpen (1873-1957), bestemor til Olav Skjellevik, men ut frå form og montering er bringekluten kan henda frå ein generasjon før.


søndag 3. mai 2026

Enkel, eldre type bringeklut

 


Eldre type bringeklut med blå, gyldne, grøne og kvite stråperler som dannar to heile og to halve åttebladroser, til saman ein T-kors. Små kors av kvite perler; ein del perler manglar. Det raude stoffet i peau de pêche er skøytt tre cm nedanfrå og sydd fast til eit smalstripete baksidestoff i blått og naturfarga, med små faldesting. Dette bomullsstoffet har ein smal fald på sidene, og øvst er det bretta tre cm over til baksida. Midtfeltet er stiva opp med papir. Kvarde av svart fløyelsband med rosa blomemotiv og ei remse med svart silke. Det raude feltet måler 18 x 12,5 cm. Breidda er 30 cm, og høgda er 21 cm.
Fyrste kjende eigar er fødd i 1887, men ut frå storleik og montering kan bringekluten verka eldre enn dette. Same historikk som i førre innlegg. Mor hennar kom frå Bjørndal i Fusa, og det er godt mogleg at bringekluten i si tid kom derfrå. Bringekluten er også omtala i boka mi "Bringeklutar frå Tysnes".