tirsdag 12. mai 2026

Staseleg bringeklut med essarand-bord

 

Denne gongen kjem blogginnlegget litt tidleg i veka!

Essarand- motivet har vore mykje nytta i Vesten; det kan stå for likevekt. Her finn me det som liggjande S-form i ei bord på tvers av bringekluten. Borda er brodert på stramei med grøn ulltråd i botnen med leggjesaum og korssting. Ho måler 7 x 16 cm, medrekna fleire perlerader og trekantar bortover. Fleirfarga perledekor med blad og to nonfigurative symbol, omslutta av essarand i lyse perler. 

Kvarde av to cm svart fløyelsband med rosemønster. Svart midtfelt av fløyel på 15,5 x 15,5 cm. Den kvite perlelissa er sydd fast til fløyelen. Det er rutevovne sidefelt og eit rosa felt av småmønstra bomull nedst. Baksida er spennande, laga av eit bomullsstoff med stripe - truleg gjenbruk av ein mjølsekk eller liknande. Alt er montert for hand. Høgda er 32 cm, og breidde er 27 cm (26 cm nedst). Bringekluten er av den lange typen, noko som tyder på at han er frå seint på 1800-talet.

Bringekluten stammar frå Reksteren og har tilhøyrd familien til Ingrid Borgen i Uggdal (f. 1916). Mor hennar var Gjertrud Marie Haukafær (1878–1968), og mormora heitte Sisilia Larsdotter Aase (1835–1904). Bringekluten kan òg ha tilhøyrd den eldre søstra til Gjertrud, Ragnhild Sofie Johannesdtr. Øvra-Haukafær (1867–1897).

Ein stor takk til Grethe Johanne Hjertaker (dotter til Ingrid), som har teke vare på bringekluten og no gitt han vidare til meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar