søndag 31. mai 2026

Bringeklut i friske fargar


Det broderte feltet måler 6,5 x 16 cm og er sydd med leggjesam og korssting  på ein strameiliknande botn. Motivet lyser opp med blått ullgarn i botnen og blome- og bladmotiv i raudt, oransje, gult, grønt og blått. Det er noko slitasje enkelte stader der botnstoffet tittar fram gjennom broderiet. Bokstavane «AMKDØ» er broderte i ein rosa tone, og broderiet er ramma inn med ulike metallband både over og under.

Øvst finn me eit raudt toskafts ullstoff, og det er uvisst om det opphavleg kan ha vore ein annan kvarde over dette igjen. Både midtfeltet, sidefelta og baksida består av eit mønstra stoff med sjarmerande prikkar, stjerner og ruter. Bringekluten måler totalt 25 cm i breidda og 27 cm i høgda.

Gjennom tidene har tekstilteknikkar stilisert plantar og blomar på ulikt vis. Før i tida skulle ein helst ikkje gjenskapa naturen direkte – ein skulle trass alt ikkje konkurrera med Guds skaparverk. Mot slutten av 1800-talet snudde derimot motebiletet, og det naturalistiske vart idealet på kva som var «ekte». Denne brytningstida har sett tydelege spor etter seg, også i motiva på bringeklutar som denne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar