Eldre type bringeklut med blå, gyldne, grøne og kvite stråperler som dannar to heile og to halve åttebladroser, til saman eit T-kors. Små kors av kvite perler; ein del perler manglar. Det raude stoffet i peau de pêche er skøytt tre cm nedanfrå og sydd fast til eit smalstripete baksidestoff i blått og naturfarga, med små faldesting. Dette bomullsstoffet har ein smal fald på sidene, og øvst er det bretta tre cm over til baksida. Midtfeltet er stiva opp med papir. Kvarde av svart fløyelsband med rosa blomemotiv og ei remse med svart silke. Det raude feltet måler 18 x 12,5 cm. Breidda er 30 cm, og høgda er 21 cm.
Fyrste kjende eigar er fødd i 1887, men ut frå storleik og montering kan bringekluten verka eldre enn dette. Same historikk som i førre innlegg. Mor hennar kom frå Bjørndal i Fusa, og det er godt mogleg at bringekluten i si tid kom derfrå. Bringekluten er også omtala i boka mi "Bringeklutar frå Tysnes".


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar