søndag 26. april 2026

Belte brodert med smøyg på lin

 

Dette beltet er eit lite mysterium: Det er brodert med smøyg på litt ope linstoff som er lett å telja på. Broderiet er i tynt ullgarn med gjentakande mønster av eldjarnsroser i grønt og blått. Bakgrunnen har raude Andreaskors og ruter på kant, i tillegg til lyse felt utan broderi som er ein del av sjølve mønsteret. Beltet er 65 cm langt og 4,5 cm breitt, men den eine enden er ikkje sydd ferdig. Langs den eine langsida er det sydd skeivt på eit raudt og svart band med maskin, truleg sett på i ettertid. Geometrisk mønster på linstoff tyder på eit eldre plagg. Den første eigaren me kjenner til vart fødd i 1887, men beltet kan vera endå eldre enn det. Sidan mora hennar kom frå Bjørndal i Fusa, er det godt mogleg at beltet stammar derfrå. Beltet er også omtala i boka BELTER av Heidi Fossnes, Smøyg forlag 2021.







søndag 19. april 2026

Bringeklut med uvanleg perlenett

 

Øvst har bringekluten eit 5,5 cm høgt perlenett av kvite, grøne og oker perler. Motiv er Ave Verum monogram med kvite Andreskors inni rutene. Ingen kvarde, men store kvite sting kan tyda på at det har vore ein dekor øvst. Bakside av beige bomullsstoff med rosa trykt mønster, som går heilt fram til det raude ullstoffet (13 x 6 cm) som perlenettet er montert på. Mønstrete trykte bomullsstoff som sidefelt. Svart fløyel i midten, høgde 11 cm. Bringekluten er montert for hand og er 28 cm høg og 23 cm brei øvst, 22 cm nedst.

Denne typen bringeklut med brei bord finst det mange av på Tysnes, men det vanlege er at ein har små kvite kors inni dei store rutene. På dette eksemplaret dannar mønsteret heller eit reint rutemønster. Legg merke til det fine, småmønstrete bomullsstoffet. Bringekluten er av den lange typen, noko som tyder på at han er frå seint på 1800-talet. Frå Reksteren, har tilhøyrd familien til Ingrid Borgen i Uggdal, f. 1916.




fredag 10. april 2026

Pynteforkle i silkesateng

 

 

Svart forkle i silkesateng av tre skrådde delar. Stoffet kan evt. også vera ullsateng eller ei blanding av silke og bomull (såkalla bombasin eller poplin). Dekor tvers over midtfeltet av to 1,2 cm breie fløyelsband (17 cm nedanfrå) samt to maskinproduserte bølga band med små toppar. Nedst ein 4 cm brei maskinprodusert blonde. Innvovne smale lilla og kvite striper i sidene. Inga lukking, kun eit smalt kanteband bak øvst. Mål: Breidde øvst 31 cm, breidde nedst 63 cm. Høgde 73 cm. Midtfeltet måler 14 cm øvst og 31,5 cm nedst. Maskinsydd.

Desse forkleda kan kallast folkeleg mote. Mange er bevart. I Kvinnherad er det registrert tilsvarande forkle. Dessverre har det ikkje lukkast å finna foto av kvinner frå Tysnes med slikt forkle. Forkledet har vore teke vare på av Gjertrud Marie Haukafær (1878-1968) og kan ha vore brukt av henne, eller hennar eldre søster eller mor.    
  
Baksida av forkledet

Gjertrud Marie Haukafær





søndag 5. april 2026

Flott og fargerikt applikert perlebelte!


Flott og fargerikt applikert perlebelte med svarte og kvite applikasjonar under åttebladroser av gyldne og grøne stråperler, annakvar bortetter. Dobbeltkors inni åttebladrosene, og små kvite perlerosettar i annakvar rose. Elles er botnen fylt ut med småperler som dannar firkantar, rundingar og halve kors. Kvit perlelisse ytst. Bakstykke av ubleika lerret. Beltet er avslutta med ein raud kant av ullstoff, dette kan vera gjort i ettertid for å forlenga beltet. Beltet måler ca. 80 x 5 cm og er montert for hand.