lørdag 26. september 2026

Overliv i raud ulldamask

 



  

Her går me litt lenger tilbake i tid enn ved dei to førre overliva. Dette overlivet er sydd av raud ulldamask, har brei rygg og rett nedkant framme. Det er kvarda med 2 cm blå silke langs halsen, framme og i høgre ermehol. I venstre ermehol er silken truleg blitt fjerna. På skuldrene er silken 2,5 cm brei. Dei 5–6 cm under ermane har ein annan blå kvalitet. Ein 2,2 cm brei gullknipling ligg innanfor den blå silken, unnateke på skuldrene og 7 cm under ermane. Fôret er av tynt, lerretsvove og ubleikt stoff, lin eller bomull, og dette er skøytt både midt bak, på eit framstykke og under ermane. Livet er lukka med eitt par messinghekter nedst i midja. Det er ikkje merke etter ringar til snøring av plagget.

Mål: 

Høgde rygg: 28,5 cm
Breidde rygg: 29 cm
Breidde skulder: 9,5 cm
Høgde side: 11 cm
Høgde framme: 23 cm
Vidde liv: 82 cm


English Summary:

This passage describes a bodice (vest) from an  older historical period than two previously mentioned examples:

Material & Cut: Made of red wool damask, featuring a wide back and a straight lower front edge.

Trim & Edging: It is bound (kvarda) with 2 cm wide blue silk along the neckline, front edges, and right armhole (the blue silk was likely removed from the left armhole). A different quality of blue fabric is used under the arms.

Lace Details: A 2.2 cm wide gold lace trim sits just inside the blue silk, except on the shoulders and under the arms.

Lining: Lined with thin, plain-weave, unbleached fabric (either linen or cotton), which is pieced together at the center back, on one front panel, and under the arms.

Fastening: Closes with a single pair of brass hooks and eyes at the bottom of the waist. There are no traces or marks of rings for lacing the garment.






søndag 20. september 2026

Eldre og nyare overliv

 

 

Flott handsydd overliv av raudt ullstoff. Sidesaumane er trekte bakover slik at ryggen blir berre 10 cm brei nede; dette er typisk snitt for overliv mot slutten av 1800-talet. Tre cm breie grindvovne band i blått, raudt og blågrønt på svart botn. Under armane manglar 2,5 cm med band, dette var vanleg på gamle overliv. Overlivet er utan fôr, men har raudruta bomullskoning på vranga, 2,5 cm brei ved halsen og 5,5 cm framme. Saumane er fint bretta til begge sider og kasta ned med lintråd. I livet er det merke etter tre hektepar. Det er uvisst om det har vore valk eller fald nede. Alt i alt, eit typisk overliv før «nasjonalen» tok over som vanleg bunad/festdrakt.

Mål: 

Høgde rygg: 37,5 cm
Breidde rygg i livet: 10 cm
Breidde skulder: 11 cm
Høgde side: 21cm 
Høgde framme: 31 cm


     

Det andre livet er eit typisk nyare overliv med svarte fløyelsband med rosemønster og kvite perlelisser innanfor. Her er me nok over i tida då «Nasjonalen» tok over for folkedrakta, men dei tilbaketrekte sidesaumane viser også trekk frå Tysnes-liv. Livet er utan fôr, men har brunruta bomullskoning på vranga, 1,5 cm brei ved halsen og 4 cm brei framme. Sju cm mørkare raudt stoff er skøytt på nede med symaskin. På ryggen er det eit innfelt ullstoff på 8 × 7 cm. Framme er det merke etter 11 hektepar. Det er seks hekter nede for feste til stakken. Det påsette stoffstykket kan vera gjort i ettertid. Det spesielle ved dette livet er at det er hekta saman nesten opp til snippen.

Mål: (utan påsett stykke)

Høgde rygg: 42 cm 
Breidde rygg i livet: 12,5 cm
Breidde skulder: 11 cm
Høgde side: 25 cm 
Høgde framme: 36 cm


English Summary:

A fine, hand-sewn red wool bodice (overliv) featuring side seams shifted backward to a 10 cm lower back, a typical late 19th-century cut preceding the standardized national costume (nasjonalen). It is decorated with 3 cm rigid-heddle woven bands (grindvovne band) in blue, red, and blue-green on black, with 2.5 cm intentionally omitted under the arms as was common practice. Unlined with a red-checked cotton facing (skoning) on the reverse, its seams are neatly pressed open and overcast with linen thread, alongside traces of three hook-and-eye pairs at the waistline where a waist roll may have originally attached.

The second bodice is a more recent outer garment showing the transition to the "Nasjonalen" style, while its recessed side seams still reflect Tysnes tradition. The unlined bodice features black rose-patterned velvet ribbons, white beaded lace, brown-checkered cotton facing on the inside, and marks from eleven pairs of hooks and eyes down the front, along with six hooks at the bottom for attaching to the skirt. Later modifications include machine-stitched a seven-centimeter dark red extension at the bottom and an inset piece of wool fabric on the back; its most distinctive feature is that it hooks together almost all the way up to the collar.







søndag 13. september 2026

Rapport frå Danmark

    
Denne gongen blir det ein liten rapport frå ein innhaldsrik drakttur til Danmark. Har endeleg fullført 6 modular med draktkurs i regi av Dansk Folkedragtforum. Høgt fagleg nivå og masse kjekke folk frå dei nordiske landa.

På vegen dit (Bjerringbro på Jylland) fekk eg vera med og sjå ei eksklusiv privat samling av gamle drakter, mange prega av empiremoten (ca. 1800–1820), her med to korte liv som døme.

Også eit knippe foto frå draktkurset: Den raude trøya er frå rokokkoen (ca. 1750–1780) som er blitt analysert både med tanke på saumteknikkar og mønster. Mange fine detaljar med store knapphol, taskelommer og regels på lommer, ermesplitt og bak på splitt.

  

  

På heimvegen vart det ei ekstra sløyfe innom Nordmandsdalen ved Fredensborg slott nord for København for å sjå på dei fantastiske skulpturane med folkedrakter frå Noreg (og enkelte frå Færøyane) frå 1700-talet. Der dukka tilsvarande trøyer opp på eit par skulpturar, men altså her i norsk utgåve. Og alle statuane vart grundig studerte!

   


English Summary:

Course Completion: Completed six modules of traditional costume courses organized by Dansk Folkedragtforum, highlighting high professional standards and strong Nordic camaraderie.

Private Collection Visit: Viewed an exclusive private collection of historical costumes en route, featuring early 19th-century Empire-style pieces, including short bodices.

Garment Analysis: Examined course artifacts, notably an 18th-century Rococo red jacket analyzed for construction techniques and patterns (noting large buttonholes, pocket flaps and sleeve slits.

Nordmandsdalen Excursion: Stopped at Fredensborg Palace near Copenhagen on the return journey to examine the 18th-century stone sculptures depicting Norwegian and Faroese folk costumes, noting similar Rococo jacket styles on the Norwegian figures.






fredag 4. september 2026

Overliv i grøn ulldamask

 

Overliv i grøn ulldamask. Fôr og damaskstoff er sydde saman kvar for seg med symaskin, og deretter føygde saman med kastesting rundt ermehol, hals og framme. Sidesaumane er trekte bakover slik at ryggen blir smal. Skoning av raud- og burgundermønstra bomullsstoff rundt nakken og framme. Det er merke på damaskstoffet etter om lag 2,5 cm breie band. Lukking i livet med tre hektepar. Valk i livet (4 cm i diameter) som er sydd i same ubleikte stoff som fôret.

Dette er eit seint 1800-tals overliv (eller «øveliv» som det vart kalla), det ser ein på snitt, stoff og saum. Likevel har det element frå eldre overliv, som skoning og valk. Overlivet har lege i ei kiste saman med det breie beltet med perlenett og det grøne fløyelsoverlivet i førre blogginnlegg. Desse plagga representerer såleis ulike tidsepokar. 

Mål: 

Vidde liv: 66 cm
Høgde rygg: 38,5 cm
Breidde rygg i livet: 12,5 cm
Breidde skulder: 11,5 cm
Høgde side: 19 cm
Høgde framme: 31,5 cm


    
       

English summary:

Stitching: The lining and damask fabric were sewn separately with sewing-machine, then joined together with overcast stitches around the armholes, neckline, and front opening.
Fit: Side seams are pulled toward the back, creating a narrow rear silhouette.
Details: Features red-and-burgundy patterned cotton facing around the neck and front edge, visible markings on the damask indicating where ~2.5 cm wide trim was once attached, and a waist closure using three sets of hooks and eyes.
Tailoring & Silhouette: The side seams are intentionally pulled toward the back, giving the piece a distinct, narrow rear profile typical of period tailoring.
Stitching Technique: The main damask fabric and lining were constructed separately by machine. They were then joined together by hand using overcast stitches around the armholes, front opening, and neckline.
Finishing Details: A patterned red-and-burgundy cotton facing runs along the neck and front edge. The waist secures neatly with three sets of metal hooks and eyes.
Clues to the Past: Faint, visible markings along the damask reveal where a trim—roughly 2.5 cm wide—was once attached before being removed or worn away over time.