lørdag 25. juli 2026

Utstilling, foredrag og bringeklut med perlenett!

 


Litt reklame for foredraget mitt laurdag 1. august kl. 14, på koselege Årbakka Handelsstad på Tysnes, der eg m.a. vil fortelja om utvikling og samanhengar i drakthistorie frå vikingtid til folkedrakt. Her blir det også ei miniutstilling knytt til dei tre bøkene mine som eg presenterer. Er du interessert i drakthistorie eller i å laga historiske plagg sjølv, kom og høyr og sjå! Bøkene er også til sals på Årbakka Handelsstad. Gratis inngang.


Dette er ein av bringeklutane som vil bli stilt ut, saman med mini vikingdrakter og dokker i små folkedrakter. Bringekluten har ei bord av perlenett med rombemønster i dei typiske perlefargane kvitt, oker og grønt, forma som eit Ave Verum monogram. Perlenettet er montert over raudt stoff, truleg peau de pêche. Det er blå silkekvarde øvst på bringekluten, med sølvknipling over og eit gullband nedanfor perlenettet. Nedst er det eit grønt ullstoff som er festa med lintråd over ein ulltråd, slik som på det raude stoffet (leggsaum). Dette er ein syteknikk som er kjend tilbake til 1000-talet. Det er også eit mønstra, raudt ullstoff under det grøne. Fôret er av brunstripete bomulls-/linstoff, som også er bretta 5 cm opp på framsida (kan vera gjort sekundært). Den spennande bringekluten skal vera frå Uggdal, men historikken elles er ukjend. Tilsvarande bringeklutar kan ein også finna i Valdres. Ut frå form og teknikk ser ein at dette er ein eldre bringeklut, brukt saman med eit kort overliv. 

Mål:
Perlenett: 14 x 6 cm
Silkekvarde: 18 x 2,5 cm
Breidde knipling og gullband: 2 cm
Totalt mål: 25 x 17 cm




lørdag 18. juli 2026

Gammalt overliv med fine detaljar

 


Overliv i damask av ull/bomull, glansa og med stormønstra, lyse bladornament. Døme på yngre damask, både i kypert- og satengbinding. Livet er kanta med 2,5 cm breie mønstervovne silkeband med flotterande mønster langs ermehol (unnateke 7 cm under armen, som er kanta med bomullsstoff), hals, framme og over skuldersaumar som er trekte bakover. Eit smalt stykke av stoffet på 2–3 cm er felt inn i kvar side, det same på fôret av ubleika linlerret i venstre side. Livet er lukka med eitt par hekter og har fire par ringar (diameter 1,5 cm) til snøring. Alt er sauma for hand. Det er registrert fleire liknande overliv frå Tysnes. Fyrste kjende eigar var fødd i 1858 og gift i 1890, men snitt og stoff i det korte overlivet er prega av draktskikken før 1860- og 70-åra.

Mål:

Høgde midt bak: 29,5 cm

Høgde framme: 25 cm

Breidde skulder: 11 cm

Breidde rygg: 36 cm

Vidde liv: 78 cm




søndag 12. juli 2026

Grøn knappetrøye

 

Denne trøya skal vera brukt av mora, eventuelt bestemora, til ein informant som var fødd i 1917. Denne familien var dyktig med handarbeid. Trøya er utan fôr og delvis sydd på maskin,  saumane er kasta over for hand. Det grøne toskafts ullstoffet kan verka heimevove.

Ermene er dekorerte med broderi i blått og grønt på raudt ullstoff (som liknar vev), i tillegg til ei kvit perlerad. Trøya har brun fløyel i halsen med blårutete skoning. Framme er det ni knappar og knapphol, med skoning under av ulikt rutete stoff. Det er også skoning av blomstrete stoff under ermelista.  Ein kan vel seia at dette er ei trøye på veg mot moteplagg, jamfør knapping og wienersnitt (viser dessverre ikkje på foto). Likevel har ho mykje folkedraktpreg i stoff og dekor.

Mål:

  • Lengde midt bak: 42                                             

  • Ryggbreidde (liv): 32 cm

  • Ermelengde: 58 cm

  • Skulderbreidde: 12,5 cm





lørdag 4. juli 2026

Stor og liten beslekta bringeklut med perlenett


Staseleg bringeklut med lite perlenett av okergule, kvite og grøne perler, montert på raudt ullstoff. Motivet er ruter på kant inni kvarandre. Brei gullknipling med fire vifter er montert øvst på det raude stoffet og delvis over ein kvarde av fløyelsband med rosemønster. Smale band med sikksakkmønster ved sida av kvarden. Eit stripete kypertvove band øvst på baksida. Gule sidefelt i linstoff. Alt er montert rett på eit baksidestoff av ubleika linstoff i lerretsbinding. Smal fald på båe sider av bakstykket, jare nedst, og alt er sydd for hand.

Mål:

Breidde gullknipling: 4 cm

Breidde og høgde perlenett: 10 cm

Breidde raudt felt: 17,5 cm

Breidde gule sidefelt: 3,8 cm (4,2 cm nedst)

Total breidde: 28 cm

Total høgde: 23 cm

Liten bringeklut med perlenett av gule, kvite og grøne perler, montert på raudt stoff, truleg peau de pêche. Motivet er eit lite Ave Verum-monogram. Brei kvarde av mønstra silke, kan henda gjenbruk av eit sjal? Smal grøn kant av fløyel bak kvarden. Gule felt i tynt linstoff i lerretsbinding. Alt er montert på eit dobbelt baksidestoff av ubleika bomullslerret, med smale faldar på baksida.

Frå Gjersheim på Hamarhaug, som høyrde til Tysnes kommune fram til 1907. Jamfør likskapen med den store bringekluten som er frå Nedrevåge på Onarheim, ikkje lange sjøvegen frå Hamarhaug. Kan henda er det same person som har laga båe bringeklutane?

Mål:

Breidde silkekvarde: 4,2 cm

Breidde perlenett: 9 cm

Høgde perlenett: 6,5 cm

Breidde raudt felt: 11 cm

Breidde gule sidefelt: 2 cm

Total breidde: 20–21 cm

Total høgde: 14 cm