Lengda på det over 200 år gamle forkledet tyder på at det er brukt i lag med kort overliv. Dette er eit unikt, godt bevart gammalt Tysnesplagg!
torsdag 29. desember 2016
Forkle frå tidleg 1800-talet
Lengda på det over 200 år gamle forkledet tyder på at det er brukt i lag med kort overliv. Dette er eit unikt, godt bevart gammalt Tysnesplagg!
Folkedrakt frå kring 1850
Dette er ei drakt som er laga til ei gammal dokke på vel 50 cm. Dei enkelte plagga er kopiar av gamle plagg, med litt forenkla mønster på grunn av lite format. Drakta består av ( frå innerst til ytterst) halvskjorte og underskjørt i bomulllsstoff, ermetrøye og stakk i ullstoff, overliv i ullbrokade, forkle i mønstra bomulllsstoff, belte og bringeklut perla på ullstoff og Tysnes jentehuve av mørkeblå fløyel.
Abonner på:
Innlegg (Atom)