Bringekluten har dekor av perlevev (13,5 x 11 cm) med avkutta" spiss. Det er vove med kvite, svarte, oker og mørkegrøne perler, truleg med svart tråd i innslag. Motiv er små og store åttebladroser, ein stor rombe deler opp flata. Kvarde av raudt stoff (truleg peau de pêche), 4,5 cm høg og 15,5 cm brei. Kvit perlelisse øvst som peiker oppover. Blomstrete sidefelt, stripete ytst. Montert for hand. Bakstykke av brunmønstrete flanell eller liknande, denne type stoff går att på fleire bringeklutar. Høgde 24 cm, breidde 26 cm.
Til perleveving kan ein bruka ein liten perlevev eller rett og slett ei fjøl! Renninga må vera sterk og ein vev med ei lang nål og tråd med småperler på. Perlene blir trykte opp på plass mellom renningstrådane, og så trær ein nåla gjennom kvar perle på oversida av renninga. Breidda på perleveven er her ei utfordring! - Perlevovne arbeid byggjer mindre enn perler på stramei og perlene blir liggjande beint på trådretninga. Perleveving skal ha blitt vanleg kring 1850, og var mest brukt i ytre Midthordland og Nordhordland, men me finn døme på dette på Tysnes også, både som bringeklutar og belte.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar