fredag 11. oktober 2024

 

    


Tre-blads huve i mørkeblått peu de pêuche. Saumane er dekka av 6 mm breie svarte og beige sikksakk-band. Kanta med mønstrete silke (kan henda gjenbruk av eit silkesjal?), 3 cm brei kant framme, ca. 1,5 cm nede. Små perlelisser er sydd på langs silkekanten. Huva måler 27 cm langs framkant, 21 cm nede, sidestykket er 11 cm høgt, midtstykket måler 5 cm bak og 8 cm framme. Fôr av bomullsstoff med trykt småmønster. Restar etter 1,5 cm breie raude knyteband i ull. Huva er fint handsauma. Dette kan ein rekna med er ei jentehuve fordi gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Huva er frå Gjersheim på Hamarhaug i Ølve, som før høyrde til Tysnes kommune. Pr. 1 / 1-1907 vart folka på Hamarhaug overført til Kvinnherad kommune etter å ha vore tysnesingar i uminnelege tider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar