Dette overlivet i grønt vadmål er kanta med 2,2 cm breie, svarte fløyelsband med rosemønster – unnateke 5 cm under armane og 4 cm midt framme, der det er svart fløyel. Framme og rundt halsen er det ei raud- og kvitrutete skoning på 6,5 × 20,5 cm. Ein fin detalj er ein 9 × 7 cm stor bit med grønt vadmål som forsterking på vranga midt framme.
Sidesaumane er dregne bakover slik at ryggen blir svært smal, noko som var typisk for moten i den siste delen av folkedraktperioden. Side- og skuldersaumane er maskinsydde, medan resten er utført med handsaum. Overlivet vert lukka med to par hekter/maljer i livet.
Overlivet kjem frå Høviskeland eller Håland og har tilhøyrd Ingeborg Haaland (f. 1908). Livet har òg vore i bruk av mor hennar, Anna Malene (1876–1965), etter at ho gifta seg med Johannes Høviskeland i 1899. Det kan henda livet òg har vore brukt av mormora, Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915), men overlivet ho har på seg på biletet i førre innlegg, er kanta med kvite perlelisser. Snittet ber preg av å vera frå 1880 eller 1890-talet.
Mål:
Ryggbreidde i livet: 6 cm
Høgde midt framme: 29 cm
Høgde rygg: 37 cm
Breidde skulder: 10 cm
Høgde i side: 18 cm
Vidde i livet: 66 cm
This green homespun wool (vadmål) bodice features a very narrow back—a style typical of 1890s folk dress fashion—achieved by pulling the side seams backward. It is trimmed with rose-patterned black velvet ribbons and plain velvet accents, reinforced inside with a wool patch, and lined around the front and neck with red-and-white checkered fabric. The side and shoulder seams are machine-stitched, while the remaining details are hand-sewn, and it closes at the waist with two sets of hooks and eyes.
Originating from Høviskeland or Håland, the garment belonged to Ingeborg Haaland (b. 1908) and was previously worn by her mother, Anna Malene (1876–1965), following her marriage in 1899. Although it may have also belonged to her grandmother, Ingeborg Malene (1846–1915), the overall cut most strongly aligns with the 1890s.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar