lørdag 27. juli 2024

Halvskjorte med kvitsaumbroderi og blonde

Halvskjorte i bomull med kvitsaumbroderi. Halvskjorta vart også kalla lygar og består av to framstykke på 33 x14,5 cm og eit langt rektanglært bakstykke på 112 x 15 cm med saum midt bak. Smale faldar, jare nedst. Striperynka i halsen med tre parallelle trådar. Krage på 33 x 5 cm, overbrodert med åttebladroser og Andreaskors. Øvst på kragen ein bølgjeforma blonde, kan vera kjøpt. Smal brodert list på 2 x 13 cm med små åttebladroser på framstykka. I halsen knapp og knapphol, samt knapp og hempe på vranga. Halvskjorter vart brukt særleg under ermetrøyer og gjerne i kombinasjon med kvite lause mansjettar.





søndag 7. juli 2024

Blomstrete bomullsforkle


 

Nydeleg forkle av tynt bomullsstoff: Rosemønster inndelt av striper med 12 heile og 2 halve rapportar à 5 og 4,5 cm. Heil høgd er 84 cm, breidde nedst 62 cm. Glatt parti midt framme på 14,5 cm med seks folder opptil ein cm breie på kvar side, foldene vender bort frå midten. Linning av rosamønstrete bomull, ein cm brei og 25 cm lang som går ut i ein avkutta tamp på høgre sidea på 13,5 cm. Linninga er sydd fast med attersting og så bretta over til baksida og sydd fast med små sting. Jare i kvar side. Den smale falden nedst er også sydd for hand.