lørdag 28. september 2024

Bringeklut med stor åttebladsstjerne


Stor åttebladstjerne av perlenett av kvite, blå og gule perler. Rundt perlenettet er det sydd på små Andreaskors og eit dobbelt kors nedst. Det raude ullstoffet på 13 x 18 cm som perlenettet er festa på er sett saman av to ulike stoff. Øvst ein 2 cm brei kvarde av svart fløyelsband med rosemønster, delvis dekt av ein vifteforma sølvknipling 3 cm brei. Dei rutete sidefelta går over i ein kant på baksidestoffet av ubleika lerret. Bokstavane står for Olina Torgeirsdtr. Gjersvik (1859-1950). Bringekluten måler ca. 25 x 25 cm og er montert for hand.




 

   

Lita treblads barnehuve i tynt bomullsstoff med stripemønster i stoffet. Sidestykke på ca. 7,5 x 9 cm. Midtfeltet måler bak 2,5 cm og aukar til 5,5 cm framme. Hekla blonde i samanføyingane. Framme ein foldelagt hekla blonde ca. 25 cm lang og 1,7 cm brei. Stoffet er bretta inn 1,5 cm bak blonden, som eit belegg. Knyteband i bomull. Alt handsydd med smale saumar. Etter Indine Agathe Størksdtr. Ersvær f. 1885.

onsdag 4. september 2024

To grindvovne band

 

    

       

To rullar med grindvovne plukka band, det slitte/mørke med raud-brun botn og blå og gule kantar er 2,5 cm breitt. Det raude bandet med blått og gult på kantane er 2,3 cm + frynser 5 cm. Begge har same gjentakande mønster av Andreaskors og romber, tilnærma XOX eller "kross og kringle". Begge i  lin og ull i renning og innslag. Det raude bandet er nokså identisk med Fatleband frå Flesland, Bergen, jfr s 76-77 i "Vestlandsbånd" (Smøyg forlag 2022). Sjå bilete av det gamle bandet nedst, fotografert på boksida. Banda er etter (Indine) Agathe Størksdtr. Ersvær (1885-1977) g. 1911 med Lars Olai Larsson Hjelland (1885-1974). Det er uvisst kva desse banda på 2-3 meter har vore brukt til, kan henda har dei vore reiveband for små born?

Det gamle bandet til venstre.