lørdag 21. desember 2024

Brurestakk eller understakk

 



Raud stakk i ullstoff i lerretsbinding, stoffet kan vera stykkfarga. Stakken er sett saman av fem breie og to smale stoffbreidder. Den 1,8 cm breie linninga er fôra med rutete stoff. Vidda til livet er teke inn med to felt med striperynkingar, 5 cm breie, 10 og 6,5 cm ned frå livet. 23 cm lang splitt i ein saum, saumen er også rakna vidare ned 9 cm. Lukking med to hekter/maljer samt to hekter og trådhemper i splitt. Nedst har stakken ein 4 cm brei rutete skoning av bomullsstoff og ein sopekant på ca. 1 cm. Dekor av to svarte 2,5 cm breie blonder med start 9 cm nedanfrå. Stakken er 88 cm høg, har ei livvidde på 71cm og vidda nede er 228 cm. Stakken er maskinsydd med svart tråd og er truleg frå slutten av 1800-talet. Kan dette ha vore ein brurestakk?





mandag 9. desember 2024

Nyare hjartebringeklut



Bringekluten har eit perlebrodert hjarta på ca. 12 x 12 cm av gyldne stråperler, innramma av kvite perlelisser. Inni hjartet er det ei åttebladsrose, to greske kors, samt små korsformer.  Hjartet er perla på eit raudt ullstoff ca. 16 x 16 cm. Kvarde av eit 2 cm breitt blomstrete band og 0.7 cm breitt metallband. Breidde øvst 29 cm, nedst 27 cm, høgde 23 cm. Bakstykke av ubleika lerretsvove bomull. Montert med maskin. Hjartebringeklutar vart vanleg frå midt på 1800-talet, og vart også mykje brukt til "Nasjonalen" frå kring 1900. Denne bringekluten er truleg frå langt utpå 1900-talet. Det spesielle er at også sidefelta er i ullstoff.


søndag 1. desember 2024

Burgunderraudt fløyelsoverliv


Overlivet i burgunder fløyel har brei rygg med ein liten kile midt bak. Kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med rosemønster og 0,7 cm breie metallband. Saumane er bretta til sides. Skuldersaumar er lagt ned for hand, sidesaumar er bretta inn og sydd med maskin. Banda  er sydde på for hand. Den vesle kilen midt bak gjev overlivet ei god form. Ein ekstra detalj er at det er laga eit lite hakk i sidesaumane, på høgde med kilen bak. Mål: Rygghøgde 37 cm, skulderbreidde 10 cm, høgde i sida 20 cm, høgde midt framme 27,5 cm, vidde liv ca. 68 cm. Fôr av ubleika lerretsvove bomullsstoff. Lukka med tre par hekter og maljer i livet. Overlivet er svært fint utført.