søndag 7. desember 2025

Halvskjorte med kvitsaum og hardangerbroderi

 

Halvskjorte vart brukt inni ermetrøye eller laskatrøye. Det spesielle med denne halvskjorta er at det er kombinert kvitsaum og hardangersaum i broderiet. Halvskjorta kan også ha vore  brukt til hardangerbunad eller ein lokal variant av den. Sydd på tett linstoff og svært fint utført, alt med handsaum. Grovare lin bak på halslinninga. Framstykket (37 x 30 cm) og det rektangulære halsstykket (13 x 119 cm) er sydd saman med attersting til fransk saum. Smal fald rundt der det ikkje er jare. Hardangersaum i sikksakkmønster, kvitsaum og holfald langs den 17 cm lange splitten midt framme. Halsstykket er striperynka med 3-4 trådar til halslinninga (6,5 x 33 cm), som har kvitsaum med ruter på kant med åttebladroser inni, omkransa av vestmannarenning og Andreaskors av hardangersaum, taggar øvst. Rader med primhol, sikksakkmønster og attersting. To knapphol 16-18 mm i halslinninga.



lørdag 29. november 2025

Mansjettar med kvitsaumbroderi

 

Mansjettane har kvitsaumbroderi med tynn lintråd på tett linstoff, opptil 40trådar pr cm. Eit Ave verum monogram sydd med vestmanna-renning deler opp underlaget, åttebladroser inni dei skråstilte rutene. Rader av attersting omkransar broderiet, samt to rader med primhol (eller prenhol), taggar øvst. Evt. rader med klostersaum, dette er vanskeleg å sjå. Mansjettane måler 16,5 x 3,8 cm, ermedelen 40,5 x 9 cm, denne er striperynka til mansjetten og har ein smal handsydd fald. Mansjettane har to knapphol på 1,6 cm. Slike mansjettar vart brukt i lag med halvskjorte (lygar) til ermetrøye eller laskatrøye.









mandag 24. november 2025

Nyare liv med småmønstrete fôr

Raudt overliv i damask med brei rygg. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster langs hals/framkantar/ermehol og på skuldrene. 7 mm blåstripete bomullsband inni armholet. Fôra med småmønstrete bomullsstoff. Lukka med 2 par hekter/maljer. Mål: Lengde rygg 34 cm, breidde rygg 28 cm, høgde framkant 24,5 cm, høgde under arm 17 cm, lengde skulder 10 cm, vidde i livet ca. 61 cm. Overlivet er sydd inn med ein 1,2 cm brei saum i begge sider, samt innsnitt framme på 14 x 2 cm, desse er truleg komne til i seinare tid. Alt er maskinsydd, også saumen i livet. Kan i si tid ha vore bringa med frå Jondal som forrige overliv her på bloggen, men dette livet er mindre påkosta og noko yngre. 



søndag 16. november 2025

Påkosta overliv i ulldamask

 


Påkosta overliv i ulldamask med brei rygg. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster langs hals, framkantar og ermehol. Gullkniplingar på skuldrene og innanfor fløyelsbandet, unnateke 10-12 cm under armane og ca. 5 cm midt framme. Fôr av ubleika lerret. Valk i livet av lerret med ein omkrins på 6 cm. Overlivet har fire par snøreringar, hekte/malje i livet. Alt er sydd for hand. Mål: Lengde rygg ca. 33 cm, breidde rygg 33 cm, høgde framkant 23 cm, høgde under arm 14 cm, lengde skulder 12 cm, vidde i livet ca. 75 cm. Overlivet kan i si tid ha vore bringa med frå Jondal.


søndag 9. november 2025

Påkosta dåpshuve

 

Rikt dekorert og påkosta treblads dåpshuve av tynt raudt lerretsvove ullstoff. Huva er kanta med svart fløyelsband med rosemønster, 1 cm breitt i nedre kant og 2 cm langs framkanten. Metallband (galoner) 1,8 cm breie, dekker over saumane. Eit 3 cm breitt sølvband parallellt med ein 2,8 cm brei gullknipling med 6,5 vifter langs framkanten. På toppen og på sidene doble kors av kvite og grøne stråperler med småperler i endane. Fôr av ubleika linlerret. Mål: Sidefelt ca. 10 x 10 cm, midtfelt ca. 19 cm langt, 9 cm breitt framme og 6 cm breitt bak. Det eine knytebandet (16 - 20 cm) er erstatta med eit bomullsband, opprinneleg kan begge banda ha vore av silke (breidde 1,5 cm). Huva er fint handsydd. Truleg gutehuve, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver. 




søndag 2. november 2025

Silkeforkle

 

Silkeforkle med innvovne lilla striper både horisontalt og vertikalt. Denne type forkle vart brukt i fleire kommunar i Sunnhordland, truleg mest på slutten av 1800-talet. 

Dette forkledet har ikkje linning, men vidda er teken inn med rynker/legg i livet til 36 cm. 1,5  cm av stoffet er bretta inn og sydd ned med tråklesting over. Mål: Heil lengde 74 cm, vidde nede 68 cm. Lukka med knapp i venstre side.



søndag 26. oktober 2025

Påkosta overliv i plysj

 


Staseleg, påkosta overliv i grøn plysj, eldre snitt med brei rygg, kanta med rosa silke 1,5 cm brei, som også går 1,5 cm over på vranga. Silken går saman under ermane, der den er nokså slitt. Ein 3 cm  brei lys kant av lnnstoff i livet. Teikningar i ryggen med metallband er sydde på med lintråd og forsting gjennom fôret som er av brunt linstoff eller glansa bomull. Livet er lukka med maljer/hekter i livet, ikkje merke etter ringar til snøring. Alt er sydd for hand. Mål: Rygglengde 35 cm, ryggbreidde 40 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde i livet 80 cm, lengde skulder 14 cm. Langs ermar, rundt hals, framme og evt. på skuldrar er metallband blitt spretta av. Overlivet har rund halsringing, på Tysnes er den som oftast firkanta.

søndag 19. oktober 2025

Fargerikt silkeforkle

 


Eit fyrverkeri av eit silkeforkle! Fleirfarga silke med innvovne striper. Forkledet er lagt i legg til ei laust påsett linning på 2,5 cm, 43 cm lang, inklusiv sidebanda totalt 83 cm. Forkleet er 77 cm langt og 69 cm breitt. Kan vera sydd med maskin. Alder usikkert.



søndag 12. oktober 2025

Grønt vadmålsliv utan fôr

 


Overliv frå slutten av 1800-talet med rygg som smalnar inn i livet. Som andre slike bevarte overliv i vadmål  er det utan fôr. Det er kanta med tre cm breie grindvovne band med raud botn og mønster i svart i form av små kors og blå ruter på kant samt korsformer. Under ermane er det eit sju cm langt mørkeblått band og framme held dei vovne banda fram i eit svart felt. Smal kant på ein cm i  livet. Skoning på vranga av rutete bomullsstoff rundt halsen og framme. Mål: Rygglengde 39 cm, ryggbreidde 31 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde nede 74 cm, lengde skulder 11cm. Overlivet har maskinsaum og er lukka med tre par hekter/maljer i livet.



søndag 5. oktober 2025

Bringeklut med spennande bakstykke

 


Bringekluten har ei spennande bakside av raudt ullstoff (kan vera stykkfarga) med svart trykk, framsida har yngre preg. Dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt kvite og oker småperler på svart fløyel og ullstoff (skøytt saman nedanfor perlene) på 15,5 x 16 cm. Motiv er to heile og  fire  halve åttebladroser med greske kors og små romber i mellom. Øvst ein to cm brei kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Eit smalt gullband øvst på det svarte.  Sidefelt av rosa bomullsstoff med trykt blomemønster. Breidde 26 cm, høgde 24 cm. Montert for hand. Tidlegare eigar f. 1914 kom frå Gulen i Sogn og vart gift på Tysnes i 1940, men bringekluten har lite Sogne-preg. 

søndag 28. september 2025

Bringeklut med firblada motiv inf 10

 

Bringekluten har eit perla felt 14,5 x 15 cm på svart kypertvove stoff. Raud kvarde av ullstoff 4 cm, delvis dekka av ein 3,5 cm brei gullknipling med tre heile og to halve vifter. Motiv er ein fireblada blom av kvite stråperler, innramma av oker perler, med kvitt og blått gresk kors i midten og fire små Andreaskors av kvite og grøne perler. Blomen er omkransa av dobbeltkors nedst og halve korsformer på sidene. Det nedste feltet av burgunder bomullsstoff med trykt prikkemønster er skøytt midt på. Bakstykket er av stormønstrete lerretsvove stoff, skøytt vertikalt. Breidde 26 cm, høgde 22 cm. Svart bakgrunn på bringeklut skal ha vore til sorg. Fleire slike bringeklutar i boka mi om "Bringeklutar frå Tysnes".



mandag 22. september 2025

Bringeklut med blå perler

 




Bringeklut frå siste del av folkedrakttida. Tilsvarande mønster kan ein sjå på fleire slike gamle bringeklutar, sjølv om ingen er heilt like. Bord på 10 x 14 cm med blå, svarte (mørkblå?) samt større kvite og store gyldne perler, montert på raudt "podepesj". Motiv er ti romber gruppert i tre store romber som grip i kvarandre, med ein  kvit Andreaskors i midten. Blå og svarte rader med perlelisser. Kvarde av svart fløyelsband med rosemønster, med ein gullknipling over. Grønt felt av ullstoff ca. 13 x 13 cm. Sidefelt av raudt bomullsstoff med trykte trekantar. Bakstykke av brunt og rosa stripete bomullsstoff. Bringekluten er montert for hand og er 28,5 cm høg, 29 cm brei øvst og 28 cm brei nedst. 

lørdag 13. september 2025

Bringeklut i dragestil


Bringekluten har ei bord i leggjesaum på 3,8 x 14,5 cm, sydd på stramei med grøn, raud og svart tråd, samt blå, gjennomskinlege og koparfarga perler. Motiv er fem stiliserte dragehovud på rad, ramma inn av to perlerader. På kvar side av borda to firkantar med paisleymønstrete bomullsstoff. Øvst ein kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Eit svart ullstoff på 25,5 cm (17,5 cm nedst) og 16,5 cm høgt er sydd fast med leggsaum til baksidestoffet av ubleika bomullsrenning med lin innslag, falda for hand.

Bringekluten er frå Gjersheim på Hamarhaug, som høyrde til Tysnes kommune til 1. januar 1907 då Hamarhaug vart overført til Kvinnherad kommune. Dragemotivet kan tyda på at bringekluten er frå kring 1900 eller før, då dragestilen kom på moten. Bringekluten har ei form som passar midjeside overliv, men er montert på eldre måte. 





søndag 7. september 2025

Halsplagg av silke

Halsplagg av silke. Raud botn med blomemønster og ei ti cm brei bord i kvar ende med brosjert blomemønster i rosa, grønt, brunt m.m. Jare på begge langsider. Halsplagget måler ca. 90 x 9 cm og har omlag 5 cm lange frynser/duskar i kvar ende. Slike avlange halsplagg skal vera eldre enn dei firkanta silkesjala. Kanskje kan ein sei at dei var eit moteplagg til folkedrakta?



mandag 25. august 2025

Perlebrodert belte

 


Beltet er overbrodert med perler sydd på stramei. Motiv er gjentakande rapportar av blå og kvite Andreaskors og kvite åttebladroser med raudt inni, fylt ut med gyldne, svarte og grøne ruter på kant, samt trekantar. Blå og kvite perler på langsidene. Strameien er bretta mot einnannan på baksida og kasta saman med lintråd, beltet er såleis utan fôr. Beltet måler 4 x 79 cm, inkl. ein ni cm lang skøyt. Lukka med to par hekter/maljer. Beltet kan ha vore brukt i siste del av folkedrakttida, eller truleg laga i seinare tid til "nasjonalen".

Bringeklut med ullgarnsbroderi

 

Bringekluten har ei bord på 15 x  6,4 cm, brodert på stramei med leggjesaum og korssting. Motiv er kors og tre ruter på kant av blått, lilla, svart, grønt og litt gult garn, raudt garn i botnen. Merk at det er brukt to nesten like raudfargar. Orange kors inni rutene kan vera bomullsgarn. Dei grøne stinga rundt rutene er holbeinsting. Blå brodert taggekant øvst og raude kontursting. Linje av raud klostersaum og kontursting nedst. Rader av små blå greske kors. Kvarde øvst manglar. Svart midtfelt av klede 14,5 x 14,5 cm. Innlegg av papir og lyst, kypertvove bomullsstoff. Bringekluten er montert for hand med svart tråd. Bakstykke av raudrutete, mønstervove bomullsstoff, same stoff i som i sidefelta. Ytre mål er høgde 25 cm, breidde 25,5 cm.



lørdag 16. august 2025

Stor Tysneshuve i svart fløyel

 

Tysneshuva består av to delar; det nesten runde bakstykket er flatt nedst. Det fasongskore framstykket er 11,5 cm høgt midt framme, sidekantar 15 - 18 cm breie inkl. kant. Fôra med ubleika lerret av bomull, evt. lin. Stoff og fôr er sydd saman med maskin, sårkant er kasta over. I halsopninga eit svart silkeband med mønster på 40 x 2,5 cm (0,5 cm på baksida) med eit 3 cm breitt svart ullstoff bak. Langt silkeband til å knyta bak og kvit skråklipt bomullslist som skulle titta farm under silkebandet manglar. Nedst ein smal svart 44 cm lang bomullskant med knyteband.

Fløyelshuve skal ha vore brukt til stor stas. Denne store Tysneshuve er nok frå då huvene tok til å gå ut or bruk og ofte vart veldig store, denne huva er 38 cm brei og 35 cm høg. Det er også sagt at huvene kunne bli laga etter omriss av baken! Tysneshuva kunne òg bli kalla svarthuve eller lurehuve.






søndag 10. august 2025

Bringeklut med frodig mønster

Frodig bringeklut med perlenett i spiss, 10,5 cm breitt og 12 cm høgt. Det er rakna litt i ytterkant. Kvite, oker og grøne perler dannar eit rombeforma rutenett med kvite Andreaskors inni rutene. Det er truleg blitt perla med ei nål. Perlenettet er montert på raudt ullstoff 10,5 x 15 cm. Øvst på det raude feltet ein tre cm brei vifteforma gullknipling. Kvarde av 2,5 cm svart fløyelsband med rosemønster. Stormønstrete sidefelt av bomullsstoff med trykt blomemønster. Bakstykke av lyst bomullsstoff med blått mønster. Høgde 27 - 28 cm, breidde 23,5 - 24 cm. Dette perlenettmønsteret finn ein også på eldre bringeklutar som har breiare form.


tirsdag 29. juli 2025

Bringeklut med brosjert silkestoff

 

Bringekluten har eit raudt brodert felt på stramei og eit anna stoff, kan henda lin eller kanvas, med innslag av lilla, blått og svart. Motiv er Andreaskors og ruter på kant. Kvite små felt er ikkje brodert og dannar små kors. Teknikk er leggjesaum og korssting, samt mønsterborder i klostersaum og truleg attersting. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster. Midtfelt av blått silkestoff med brosjerte blomar/blad, dette stoffet går att i fleire bringeklutar frå Tysnes. Rutete sidefelt, lagt fint mot bakstykket av kypertvove ubleika bomull. Mål: Breidde 28 cm, høgde 24,5 cm.

lørdag 12. juli 2025

Bringeklut med stråperler og rutete bakstykke


Bringekluten har dekor av kvite, blå, grøne og gyldne stråperler, samt småperler, montert på raudt klede, 16 cm breitt og 15 cm høgt. Motiv er eit stort Andreaskors omkransa av fire åttebladstjerner og små kors og rosettar. Ein 2,5 cm brei og 20 cm lang gullknipling med viftemønster er montert over kvarden av svart fløyelsband med rosemønster. Merk at den 1 cm breie kvarden av svart fløyelsband med rosemønster går tvers over heile bringekluten, kanta på baksida med 0,7 cm breitt blåmønstrete bomullsstoff eller band. Sidefelt av lyst glansa stoff, nedst eit mønstervove, fleirfarga felt. Bakstykke av blått/lyst rutevove bomull. Bringekluten er 28 cm brei, 23,5 cm høg og er montert for hand. 

NB: I morgon søndag 13. juli er siste dag for Bringeklut-utstillinga på Breidablikk Anno. Kl 11 - 15 og gratis adgang.



søndag 29. juni 2025

Grønt overliv med fine detaljar

   


Grønt overliv i klede (kan også vera peau de pêche) med fine detaljar. Kanta med to cm breie svarte fløyelsband med rosemønster med kvite perlelisser innanfor, unnateke ca. 5 cm under armane, 6 cm svart band midt framme. Overlivet er solid sydd for hand. Inni snippen er det ei ca. 7 x 7 cm forsterking. Fôret av rutevove brunt/blått bomullsstoff viser også ein cm på framsida. Fem hekter over valken (diam. 1,5 cm) til å festa i stakken, desse har ei forsterking på fôret. Artig detalj med perleremse av annakvar gule og kvite perler på skuldrene. Overlivet er lukka med tre par hekter/maljer. Mål: Høgde framme 33 cm, høgde rygg 37 cm, skulderbreidde 10,5 cm, høgde side 19 cm,  vidde liv ca. 64 cm. Smal rygg 9 cm i livet.



onsdag 18. juni 2025

Overliv i plysj

 

      


Påkosta overliv i raud plysj med striper. Overlivet som har Hardangerpreg, er kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med rosemønster, samt 3 cm brei metallknipling, unnateke 5-7 cm under armane som er kanta med fløyelsband. Banda er sydd på for hand. Lukka i livet med tre par hekter/maljer, med eit 2,5 cm breitt belegg under. For- og bakstykke er fôra kvar for seg med laust vove ubleika lerret og sydd saman med maskin, saumane er kasta over. Banda er sydde på for hand. 2 cm brei dobbel lerretskant i livet. Mål: Høgde rygg 39 cm, skulderbreidde 13 cm, høgde side 22 cm, vidde liv ca. 80 cm, høgde midt framme 33 cm, breidde rygg 11 cm i livet. Overlivet er prega av Hardangerbunad, men med særpreg. Metallkniplingane er utan rutenett mellom viftene og er truleg maskintilverka.

søndag 8. juni 2025

Broderte selar med perler



Selar brodert med leggjesaum/korssting og perler. Svart ullgarn i botnen, raud brodert kant på langsidene. Rose- og bladmønster i raud-rosa, grønt, gult og beige ulltråd. Rapportar med kvite, gjennomskinlege, gule, svarte og blå perler. Bakstykke av ubleika lerret, kan vera lin. Mål: 94 x 4,3 cm, medrekna endestykke på 13,5 cm. To understykke på 6 cm med 2,5 cm lange handsydde knapphol, to i den eine, eitt knapphol i andre enden. Endestykka er sydde med maskin, elles er selane montert for hand. Broderte roser på selar, belte og bringeklutar vart mote mot slutten av folkedrakttida, ved overgangen til "nasjonalen". Dei geometriske formene med mykje symbol gjekk då meir og meir ut or bruk.



søndag 1. juni 2025

Perlebringeklut frå 1880-90 talet



Bringekluten har dekor av kvite, blå og gyldne stråperler, store gyldne perler og småperler, montert på raudt ullstoff 15 cm breitt og 17,5cm høgt. Eit innlegg av papp viser der stoffet er slitt. Motiv er eit stort Andreaskors omkransa av fire åtte-bladsstjerner og små kors. Metallknipling, 3,5 cm brei med vifte-mønster, montert over kvarden av svart fløyelsband med rosemønster, 3,4 cm brei og med eit belegg bak. Bakstykke av stripete bomullsstoff i ein kypertvariant. I sidefelta trykt bomullsstoff i stripe-og blomemønster, det nedste feltet er kan henda restar etter ei klutatrøye. Bringekluten er montert for hand og er 25,5 cm høg og 27,5 cm brei. Dette er ein typisk perlebringeklut som kan vera frå 1880- 90-talet. Dei perlebroderte bokstavane står for Anna Margrete Henriksdotter (1860-1932). 



søndag 25. mai 2025

Barneliv og forkle


 


   
Sjarmerande lite overliv og forkle frå 1930-talet. Overlivet i raud ulldamask er delvis sydd etter eldre snitt. Legg merke til at det er høgare på den eine sida. Det er kanta for hand med grøne 1,5 cm breie krokbragdband, også under armane, 0,5 cm belegg av lerret viser under bandet. Høgde rygg 29,5 cm, høgde side 14 cm, skulderbreidde 10 cm, vidde liv 63 cm, høgde foran 22 cm, breidde rygg 26 cm i livet. For- og bakstykke er fôra kvar for seg med ubleika lerret og sydd saman med maskin, saumane er kasta over. Lerretskant ca. 1 cm i livet. Kile 1 x 7 cm på forstykka. To par hekter/maljer i livet.

Forkle i bomull, 37 cm høgt og 39 cm breitt. Linning og tampar 4 x 69 cm. Forkleet er rynka inn 17 cm og sydd fast til linninga. Tamp på 4 cm i venstre side med liten knapp. Innfelt 2,5 cm brei engelsk blonde. Nedste del av forkledet i dobbel stoff, 7 cm høgt inkl. 3,5 cm brei engelsk blonde. Alle saumar med maskin

På biletet frå 1939 har Rannveig Hestad f. 1935 (fremst) på seg både overlivet og forkleet! Dei andre på biletet har på seg Hardangerbunad. Den gamle folkedrakta var forlengst gått ut or bruk. "Nasjonalen" var blitt stor mote som festdrakt.









onsdag 14. mai 2025

Bringeklut med gammal silkekvarde





Bringekluten har dekor av kvite, blå og gyldne stråperler, samt småperler, montert på raudt to-skaft ullstoff, 13 cm breitt og 15 cm høgt. Motiv er eit stort Andreaskors med åttebladstjerne midt på og fire greske kors rundt, omkransa av små kors og rundingar. Gullknipling med viftemønster, montert over blålilla silke og fløyelsband med rosemønster. Brunmønstrete sidefelt. Baksidestoff av kypertvove sekkestoff/jute.Merk at den 2,5 cm breie kvarden av svart fløyelsband med rosemønster går tvers over heile bringekluten. Dette er montert på seinare, over ein 3 cm brei blålilla silkekvarde som det viser ei 6 mm brei stripe av under kniplingen. På baksida kan ein sjå den gamle monteringa med smale sidekantar av bomull. Bringekluten er montert for hand. Breidde øvst 28 cm, breidde nedst 27,5 cm, høgde 26,5 cm.