søndag 25. mai 2025

Barneliv og forkle


 


   
Sjarmerande lite overliv og forkle frå 1930-talet. Overlivet i raud ulldamask er delvis sydd etter eldre snitt. Legg merke til at det er høgare på den eine sida. Det er kanta for hand med grøne 1,5 cm breie krokbragdband, også under armane, 0,5 cm belegg av lerret viser under bandet. Høgde rygg 29,5 cm, høgde side 14 cm, skulderbreidde 10 cm, vidde liv 63 cm, høgde foran 22 cm, breidde rygg 26 cm i livet. For- og bakstykke er fôra kvar for seg med ubleika lerret og sydd saman med maskin, saumane er kasta over. Lerretskant ca. 1 cm i livet. Kile 1 x 7 cm på forstykka. To par hekter/maljer i livet.

Forkle i bomull, 37 cm høgt og 39 cm breitt. Linning og tampar 4 x 69 cm. Forkleet er rynka inn 17 cm og sydd fast til linninga. Tamp på 4 cm i venstre side med liten knapp. Innfelt 2,5 cm brei engelsk blonde. Nedste del av forkledet i dobbel stoff, 7 cm høgt inkl. 3,5 cm brei engelsk blonde. Alle saumar med maskin

På biletet frå 1939 har Rannveig Hestad f. 1935 (fremst) på seg både overlivet og forkleet! Dei andre på biletet har på seg Hardangerbunad. Den gamle folkedrakta var forlengst gått ut or bruk. "Nasjonalen" var blitt stor mote som festdrakt.









onsdag 14. mai 2025

Bringeklut med gammal silkekvarde





Bringekluten har dekor av kvite, blå og gyldne stråperler, samt småperler, montert på raudt to-skaft ullstoff, 13 cm breitt og 15 cm høgt. Motiv er eit stort Andreaskors med åttebladstjerne midt på og fire greske kors rundt, omkransa av små kors og rundingar. Gullknipling med viftemønster, montert over blålilla silke og fløyelsband med rosemønster. Brunmønstrete sidefelt. Baksidestoff av kypertvove sekkestoff/jute.Merk at den 2,5 cm breie kvarden av svart fløyelsband med rosemønster går tvers over heile bringekluten. Dette er montert på seinare, over ein 3 cm brei blålilla silkekvarde som det viser ei 6 mm brei stripe av under kniplingen. På baksida kan ein sjå den gamle monteringa med smale sidekantar av bomull. Bringekluten er montert for hand. Breidde øvst 28 cm, breidde nedst 27,5 cm, høgde 26,5 cm.