tirsdag 29. juli 2025

Bringeklut med brosjert silkestoff

 

Bringekluten har eit raudt brodert felt på stramei og eit anna stoff, kan henda lin eller kanvas, med innslag av lilla, blått og svart. Motiv er Andreaskors og ruter på kant. Kvite små felt er ikkje brodert og dannar små kors. Teknikk er leggjesaum og korssting, samt mønsterborder i klostersaum og truleg attersting. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster. Midtfelt av blått silkestoff med brosjerte blomar/blad, dette stoffet går att i fleire bringeklutar frå Tysnes. Rutete sidefelt, lagt fint mot bakstykket av kypertvove ubleika bomull. Mål: Breidde 28 cm, høgde 24,5 cm.

lørdag 12. juli 2025

Bringeklut med stråperler og rutete bakstykke


Bringekluten har dekor av kvite, blå, grøne og gyldne stråperler, samt småperler, montert på raudt klede, 16 cm breitt og 15 cm høgt. Motiv er eit stort Andreaskors omkransa av fire åttebladstjerner og små kors og rosettar. Ein 2,5 cm brei og 20 cm lang gullknipling med viftemønster er montert over kvarden av svart fløyelsband med rosemønster. Merk at den 1 cm breie kvarden av svart fløyelsband med rosemønster går tvers over heile bringekluten, kanta på baksida med 0,7 cm breitt blåmønstrete bomullsstoff eller band. Sidefelt av lyst glansa stoff, nedst eit mønstervove, fleirfarga felt. Bakstykke av blått/lyst rutevove bomull. Bringekluten er 28 cm brei, 23,5 cm høg og er montert for hand. 

NB: I morgon søndag 13. juli er siste dag for Bringeklut-utstillinga på Breidablikk Anno. Kl 11 - 15 og gratis adgang.