søndag 28. september 2025

Bringeklut med firblada motiv inf 10

 

Bringekluten har eit perla felt 14,5 x 15 cm på svart kypertvove stoff. Raud kvarde av ullstoff 4 cm, delvis dekka av ein 3,5 cm brei gullknipling med tre heile og to halve vifter. Motiv er ein fireblada blom av kvite stråperler, innramma av oker perler, med kvitt og blått gresk kors i midten og fire små Andreaskors av kvite og grøne perler. Blomen er omkransa av dobbeltkors nedst og halve korsformer på sidene. Det nedste feltet av burgunder bomullsstoff med trykt prikkemønster er skøytt midt på. Bakstykket er av stormønstrete lerretsvove stoff, skøytt vertikalt. Breidde 26 cm, høgde 22 cm. Svart bakgrunn på bringeklut skal ha vore til sorg. Fleire slike bringeklutar i boka mi om "Bringeklutar frå Tysnes".



mandag 22. september 2025

Bringeklut med blå perler

 




Bringeklut frå siste del av folkedrakttida. Tilsvarande mønster kan ein sjå på fleire slike gamle bringeklutar, sjølv om ingen er heilt like. Bord på 10 x 14 cm med blå, svarte (mørkblå?) samt større kvite og store gyldne perler, montert på raudt "podepesj". Motiv er ti romber gruppert i tre store romber som grip i kvarandre, med ein  kvit Andreaskors i midten. Blå og svarte rader med perlelisser. Kvarde av svart fløyelsband med rosemønster, med ein gullknipling over. Grønt felt av ullstoff ca. 13 x 13 cm. Sidefelt av raudt bomullsstoff med trykte trekantar. Bakstykke av brunt og rosa stripete bomullsstoff. Bringekluten er montert for hand og er 28,5 cm høg, 29 cm brei øvst og 28 cm brei nedst. 

lørdag 13. september 2025

Bringeklut i dragestil


Bringekluten har ei bord i leggjesaum på 3,8 x 14,5 cm, sydd på stramei med grøn, raud og svart tråd, samt blå, gjennomskinlege og koparfarga perler. Motiv er fem stiliserte dragehovud på rad, ramma inn av to perlerader. På kvar side av borda to firkantar med paisleymønstrete bomullsstoff. Øvst ein kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Eit svart ullstoff på 25,5 cm (17,5 cm nedst) og 16,5 cm høgt er sydd fast med leggsaum til baksidestoffet av ubleika bomullsrenning med lin innslag, falda for hand.

Bringekluten er frå Gjersheim på Hamarhaug, som høyrde til Tysnes kommune til 1. januar 1907 då Hamarhaug vart overført til Kvinnherad kommune. Dragemotivet kan tyda på at bringekluten er frå kring 1900 eller før, då dragestilen kom på moten. Bringekluten har ei form som passar midjeside overliv, men er montert på eldre måte. 





søndag 7. september 2025

Halsplagg av silke

Halsplagg av silke. Raud botn med blomemønster og ei ti cm brei bord i kvar ende med brosjert blomemønster i rosa, grønt, brunt m.m. Jare på begge langsider. Halsplagget måler ca. 90 x 9 cm og har omlag 5 cm lange frynser/duskar i kvar ende. Slike avlange halsplagg skal vera eldre enn dei firkanta silkesjala. Kanskje kan ein sei at dei var eit moteplagg til folkedrakta?