søndag 28. desember 2025

Handsydd klutatrøye

Klutatrøye i rosa bomullsstoff med lite blomemønster, slikt stoff kan ein finna restar av på bringeklutar. Trøya har smal rygg, 9 cm i livet. Halslist av same stoff (ikkje skråklipt) 1,75 cm høg. Eit to cm breitt felt med rynker på ermetoppen. Ermet er også rynka til ein mansjett av fløyelsband med blomemønster, 18,5 x 2,2 cm, med splitt 6 cm. Innsnitt på kvar side framme, 12 x 1 cm. Trøya er heilfôra med ubleika bomullslerret. Lukka med 7 knappar/knapphol, mansjettar med hekte/malje. Mål: Høgde rygg 35 cm, livvidde 65 cm, høgde framme 33 cm, høgde i sida 21 cm, skulderlengde 10,5 cm, lengde arm ca 50/45 cm, vidde arm ca. 40/38 cm. 1 cm kant i livet. Klutatrøyer kan vera delvis sydd med maskin, men denne trøya er heilt handsydd. Klutatrøyer vart brukt frå slutten av 1800-talet, inni overliv av ull/vadmål. 

    








lørdag 20. desember 2025

"Julete" bringeklut!

 


Denne frodige bringekluten kunne lett ha forvirra seg inn i julepynten! Stort felt i leggjesaum og korsting 11 x 14,2 cm. Motiv er åttebladroser og Andreaskors, fletta i kvarandre, samt ruter på beint og på kant. Raud stinglinje og fem åttebladroser øvst. Det er brodert med ulltråd i mange fargar. Kvarde av 2,5 cm svart fløyelsband med rosemønster. Grønt felt av podepesj (peau de pêche) 11 x 4 cm. Rutete felt av flanell nedst. Dei raude stormønstrete sidefelta viser på baksida. Bakside av lerretsvove stripete ullstoff, kan vera heimevove. Mål: Høgde 26 cm, breidde 25 cm øvst, 24,5 cm nedst. Montert delvis med maskin. Bringekluten kan ha kome frå Jondal, men har truleg vore på Onarheim frå 1920-åra

søndag 14. desember 2025

Bringeklut med perlebroderte bokstavar

 

Bringekluten har ei grøn bord i leggjesaum/korsting på 6 x 15 cm, sydd på stramei. Perledekor  med blad/blomar og raud og kvit perlerad, sikksakk-rad av gyldne perler. Perlebroderte, gyldne bokstavar MODS. Kvarde av 1 cm svart fløyelsband med rosemønster. Svart midtfelt av klede 13,5 x 15 cm. Sidefelt i raudt/svart stormønstrete stoff som kan vera eldre enn bringekluten, samt rosamønstrete og stripete bomullsstoff. Sidefelta viser også på baksida. Baksidestoffet av flanell med brunt mønster, skøytt horisontalt, finn ein att på fleire bringeklutar på Tysnes. Alt er montert for hand. Mål: Høgde 23,5 cm, breidde 27 cm. Bringekluten kan i si tid ha kome frå Jondal, men har truleg vore på Onarheim frå 1920-åra.


søndag 7. desember 2025

Halvskjorte med kvitsaum og hardangerbroderi

 

Halvskjorte vart brukt inni ermetrøye eller laskatrøye. Det spesielle med denne halvskjorta er at det er kombinert kvitsaum og hardangersaum i broderiet. Halvskjorta kan også ha vore  brukt til hardangerbunad eller ein lokal variant av den. Sydd på tett linstoff og svært fint utført, alt med handsaum. Grovare lin bak på halslinninga. Framstykket (37 x 30 cm) og det rektangulære halsstykket (13 x 119 cm) er sydd saman med attersting til fransk saum. Smal fald rundt der det ikkje er jare. Hardangersaum i sikksakkmønster, kvitsaum og holfald langs den 17 cm lange splitten midt framme. Halsstykket er striperynka med 3-4 trådar til halslinninga (6,5 x 33 cm), som har kvitsaum med ruter på kant med åttebladroser inni, omkransa av vestmannarenning og Andreaskors av hardangersaum, taggar øvst. Rader med primhol, sikksakkmønster og attersting. To knapphol 16-18 mm i halslinninga.