lørdag 26. oktober 2024

Applikert og perla belte

 


Beltet har gjentakande mønster av åttebladstjerner, applikert og perla i mange fargar på raudt ullstoff. Blå stavperler og svarte små perler mellom kvar stjerne, forma som timeglas, samt små svarte korsformer. Annakvar stjerne er applikert med kvitt og svart stoff, som er festa til underlaget med perler og tråd, som dobbeltkors. Åtte små "rosettar" rundt kvar stjerne, elles korsformer i frisaum. Det er vel verd å studera alle dei små detajane! Bakstykke av ubleika, lerretsvove bomullsstoff. Beltet er 5 cm breitt, 69 cm langt og er lukka med to hekter og to sydde hemper. Det forseggjorte beltet har eldre type dekor, men nyare montering. Tilsvarande belte er blitt brukt i Hardanger. Dette beltet har trueg vore brukt til "nasjonalen".





fredag 11. oktober 2024

 

    


Tre-blads huve i mørkeblått peu de pêuche. Saumane er dekka av 6 mm breie svarte og beige sikksakk-band. Kanta med mønstrete silke (kan henda gjenbruk av eit silkesjal?), 3 cm brei kant framme, ca. 1,5 cm nede. Kvite perlelisser er sydd på langs silkekanten. Huva måler 27 cm langs framkant, 21 cm nede, sidestykket er 11 cm høgt, midtstykket måler 5 cm bak og 8 cm framme. Fôr av bomullsstoff med trykt småmønster. Restar etter 1,5 cm breie raude knyteband i ull. Huva er fint handsauma. Dette kan ein rekna med er ei jentehuve fordi gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Huva er frå Gjersheim på Hamarhaug i Ølve, som før høyrde til Tysnes kommune. Pr. 1 / 1-1907 vart folka på Hamarhaug overført til Kvinnherad kommune etter å ha vore tysnesingar i uminnelege tider.