søndag 27. april 2025

Blå understakk i bomull

 

    

Understakk i blått bomullsstoff. Av totalt fem breidder. Dei to midtfelta er 14 cm breie. Midt framme og midt bak er det eit 9 cm langt og 0,5 cm djupt innsnitt. 31 cm lang splitt og 2,5 cm djupe legg i livet i venstre side. Ikkje sidesaum i høgre side. Ikkje linning, men eit 1,5 cm breitt skråklipt band på baksida. Vidde i livet 80 cm, høgde 72 cm. Det glatte, skråklipte feltet før kappa er 140 cm langt og 6 cm høgt med 3 x 2 biser sydd med gul tråd. Den 6 cm høge kappa er lagt i små legg, 0,5 cm fald nedst. 65 cm lange smale knyteband i venstre side. Dei lange saumane er ei blanding av fransk- og indresaum. Sårkant viser øvst på skråklipt felt på vranga. Understakken er svært slitt bak og er nok velbrukt. Stakken er professjonelt maskinsydd og må vera tidlegast frå seint på 1800-talet. Dette er meir eit "moteplagg", men kan gjerne ha vore brukt samstundes med Tysneshuve og sølje i halsen!





søndag 20. april 2025

Velbrukt bringeklut

 


Denne bringekluten kom inn i samband med utstillinga av Bringeklutar frå Tysnes på Breidablikk Anno. Den har ei perlebrodert bord på stramei, 14,5 x 5 cm. Motiv er ruter på kant oppdelt av ein Andreaskors og omkransa av to åttebladroser. Kvarde 2,3 cm av svart fløyelsband med blomemønster. Kvite, gyldne og svarte perler, blå i botnen. Merk at borda ikkje har linjer som rammar inn motiva. Metallband 1,5 cm nedst med tre innvovne raude tråder. Svart felt av fløyel.14,5 x 16 cm. Bringekluten er montert for hand med svart tråd. Innlegg av fleire stofflag. Sidefelt og bakstykke av blått kypertvove bomullsstoff er i eitt samanhengande stykke, det er uvanleg. Liten skøyt nedst på eine sidefeltet. Bringekluten er slitt på baksida, dette tyder på mykje bruk. Mål: Breidde 26 cm, høgde 25/26 cm. Denne mønsterborda (med små variasjonar) finst på fleire bringeklutar frå Tysnes.




mandag 7. april 2025

Bringeklut i smøyg


  

Dette er ein av dei over 150 ulike bringeklutane som blir vist i boka om Bringeklutar frå Tysnes. Teknikk er smøyg, med innslag av klostersaum, sydd på linstoff med tynt ullgarn i fargane raudt, blått, gult/oker og grønt. Det kvite linstoffet viser som trappeforma motiv rundt dei store rombane på høgkant. Bokstavane I (?), H, D og S er brodert nedst, dei siste med ein tjukkare ulltråd. Broderiet er supplert med korssting på sidene og bord med klostersaum øvst. Kvarde av 2,5 cm blå silke, med 1,5 cm breie grindvovne band på sidene. Montering liknar lappeteknikk. Bringekluten er utan innlegg og har bakstykke av stripete blått og kvitt stoff, kan vera lin. Breidde 24/25,5 cm, høgde 20 cm.