Understakk i blått bomullsstoff. Av totalt fem breidder. Dei to midtfelta er 14 cm breie. Midt framme og midt bak er det eit 9 cm langt og 0,5 cm djupt innsnitt. 31 cm lang splitt og 2,5 cm djupe legg i livet i venstre side. Ikkje sidesaum i høgre side. Ikkje linning, men eit 1,5 cm breitt skråklipt band på baksida. Vidde i livet 80 cm, høgde 72 cm. Det glatte, skråklipte feltet før kappa er 140 cm langt og 6 cm høgt med 3 x 2 biser sydd med gul tråd. Den 6 cm høge kappa er lagt i små legg, 0,5 cm fald nedst. 65 cm lange smale knyteband i venstre side. Dei lange saumane er ei blanding av fransk- og indresaum. Sårkant viser øvst på skråklipt felt på vranga. Understakken er svært slitt bak og er nok velbrukt. Stakken er professjonelt maskinsydd og må vera tidlegast frå seint på 1800-talet. Dette er meir eit "moteplagg", men kan gjerne ha vore brukt samstundes med Tysneshuve og sølje i halsen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar