søndag 26. oktober 2025

Påkosta overliv i plysj

 


Staseleg, påkosta overliv i grøn plysj, eldre snitt med brei rygg, kanta med rosa silke 1,5 cm brei, som også går 1,5 cm over på vranga. Silken går saman under ermane, der den er nokså slitt. Ein 3 cm  brei lys kant av lnnstoff i livet. Teikningar i ryggen med metallband er sydde på med lintråd og forsting gjennom fôret som er av brunt linstoff eller glansa bomull. Livet er lukka med maljer/hekter i livet, ikkje merke etter ringar til snøring. Alt er sydd for hand. Mål: Rygglengde 35 cm, ryggbreidde 40 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde i livet 80 cm, lengde skulder 14 cm. Langs ermar, rundt hals, framme og evt. på skuldrar er metallband blitt spretta av. Overlivet har rund halsringing, på Tysnes er den som oftast firkanta.

søndag 19. oktober 2025

Fargerikt silkeforkle

 


Eit fyrverkeri av eit silkeforkle! Fleirfarga silke med innvovne striper. Forkledet er lagt i legg til ei laust påsett linning på 2,5 cm, 43 cm lang, inklusiv sidebanda totalt 83 cm. Forkleet er 77 cm langt og 69 cm breitt. Kan vera sydd med maskin. Alder usikkert.



søndag 12. oktober 2025

Grønt vadmålsliv utan fôr

 


Overliv frå slutten av 1800-talet med rygg som smalnar inn i livet. Som andre slike bevarte overliv i vadmål  er det utan fôr. Det er kanta med tre cm breie grindvovne band med raud botn og mønster i svart i form av små kors og blå ruter på kant samt korsformer. Under ermane er det eit sju cm langt mørkeblått band og framme held dei vovne banda fram i eit svart felt. Smal kant på ein cm i  livet. Skoning på vranga av rutete bomullsstoff rundt halsen og framme. Mål: Rygglengde 39 cm, ryggbreidde 31 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde nede 74 cm, lengde skulder 11cm. Overlivet har maskinsaum og er lukka med tre par hekter/maljer i livet.



søndag 5. oktober 2025

Bringeklut med spennande bakstykke

 


Bringekluten har ei spennande bakside av raudt ullstoff (kan vera stykkfarga) med svart trykk, framsida har yngre preg. Dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt kvite og oker småperler på svart fløyel og ullstoff (skøytt saman nedanfor perlene) på 15,5 x 16 cm. Motiv er to heile og  fire  halve åttebladroser med greske kors og små romber i mellom. Øvst ein to cm brei kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Eit smalt gullband øvst på det svarte.  Sidefelt av rosa bomullsstoff med trykt blomemønster. Breidde 26 cm, høgde 24 cm. Montert for hand. Tidlegare eigar f. 1914 kom frå Gulen i Sogn og vart gift på Tysnes i 1940, men bringekluten har lite Sogne-preg.