søndag 25. januar 2026

Særeigen liten bringeklut

 


Særeigen liten bringeklut med grønt felt på 9 x12 cm i ulldamask, skøytt saman med eit grønt ullstoff nedst. Perlebroderi av kvite, blå og svarte stråperler, samt kvite og oker småperler. Motiv er åttebladroser, supplert med dobbeltkors, greske kors og Andreaskors. Sidefelt og bakstykke av stormønstrete bomullsstoff som kan vera eldre enn bringekluten. Innlegg av papir i midten. Den plommeraude kvarden er 16 cm brei og går 6 cm ned på bakstykket, og er truleg sett på i ettertid. Mål: Breidde øvst 24,5 cm, breidde nedst 16 cm (utan flippar). Høgde 16 cm. Montert for hand. 



søndag 18. januar 2026

Nesten like border til bringeklut

 


Nesten like border i leggjesaum og korssting, broderte i ullgarn med raudt som hovudfarge. Motiv er Andreaskors i midten, omkransa av ruter på kant med Olavskors inni. Det kan òg tolkast som «kross og kringle», eit motiv kjent frå strikkaplagg. Sikksakkbord på eine sida, taggar av korssting på hi. Begge måler omlag 8 x 16,5 cm. Ved første augekast ser bordane like ut, men nærare studium viser at grønt og blått er bytt om. Den øvste borda, frå Tysnesbygda, ser ikkje ut til å ha vorte montert på bringeklut, medan borda frå Onarheim er velbrukt og truleg spretta av ein. Så kan ein undra seg over kva kontakt det har vore mellom eigarane av desse to små tekstilane?








søndag 11. januar 2026

Bringeklutar med opp-ned motiv

  

To nesten like bringeklutar frå Tysnesbygda og Høviskeland! Begge har bord brodert på stramei med grøn ulltråd i botnen med leggjesaum og korssting, og nonfigurativt mønster (eller er det stiliserte blomar?) av perler. Småmotiv av kvite, svarte, gyldne og raude perler. På bringekluten til venstre er ein del av perlene sydd oppå broderiet, dette gjev ein djupneverknad. Begge har mønstrete sidefelt og er omlag like store: Breidde 26,5 og høgde 28/29 cm. Bakstykka er ulike; rutevove ullkypert av brunt og kvitt, som viser på framsida og brunt linstoff. Den eine har svart midtfelt i ull, den andre mørkblått. Kvarden er ulik; svart fløyelskvarde med blomemønster og kvite perlelisser samt eit enkelt metallband nedanfor borda. Den andre har raud ullkvarde med gullknipling over. Dette viser berre litt av mangfaldet i eldre tysnesdrakter. Fleire slike tilfelle kan du lesa om i boka "Bringeklutar frå Tysnes".

søndag 4. januar 2026

Overliv med grindvovne band

  

Overliv i grønt vadmål, sein type med smal rygg. Kanta med raude grindvovne band med blått firkløver-mønster, typisk nok går banda ikkje heilt ned til livet framme og ikkje heilt saman under ermane. Rygg/sidesaumar er sydd med indresaum for hand. Raudmønstrete  skoning framme, ingen avslutning i livet. Som vanleg på slike vadmålsliv er dette også utan fôr. Hekter i nedre kant som stakken skulle hengja på. Klutatrøye, som vart vist i forrige innlegg, vart brukt inni slike overliv. Her ser me Brita Andersdtr. Leite (1843-1931), kalla «Banda-Brito», som vov band. Ho har på ei klutatrøye inni vadmålslivet. Brita arbeidde for det meste elles med spinning og strikking. (Drange, Tysnes gards - og ættesoge Band 1 side 314. Foto av Brita: Lokalhistorisk biletsamling i Tysnes).