søndag 15. februar 2026

Raudmønstrete klutatrøye

 

Klutatrøyer vart brukte frå slutten av 1800-talet, under overliv av ull eller vadmål. Denne er sydd i bomullsstoff i raude nyansar med gjentakande trykt mønster av små svarte og kvite rundingar. Krage og mansjettar har bretta sikksakk-kant i same stoff, og dei vide ermane er rynka øvst og ved handleddet. Trøya er fôra med kvitt lerret og lukka med perlemorsliknande knappar og knapphol. I dag ville me gjerne ha kalla henne ei bluse, og ho passar godt under eit overliv med smal rygg. - På biletet ber både mor og dotter lyse, mønstrete klutatrøyer. Jenta har òg eit liknande forkle, medan mora er utan. Far og son har moteklede.


Gunnar og Sina Teigland med dei to eldste borna Anna og Rasmus. Reg Ernst Berge Drange 1989










søndag 8. februar 2026

Bringeklut brodert på lin

 

Bringekluten er brodert med leggjesaum og korssting i raudt, oker, svart og grønt ullgarn på linstoff. Opne, kvite felt er ein del av mønsteret, og stinga går i noko ulike retningar. Den broderte flata er delt inn med Andreaskors og ruter, og mønsteret kan òg tolkast som ei not. Korsa i åttebladrosene kan tolkast som kløverbladkors. Broderiet er montert på eit tettare linstoff, skøytt 6 cm nedanfrå, med grøn krokakvaring av silke som går noko over på baksida. Baksida er av raudrutete bomullsstoff, tilsvarande ein dansk tekstilprøve frå 1832. Bringekluten er utan innlegg og er montert med maskin. Bakside av raudrutete bomullsstoff, tilsvarande stoff finst som ein dansk tekstilprøve frå 1832. Mål: Breidde broderi 15 cm. Breidde broderi nedst 7cm. Høgde broderi 12 cm. Høgde silkekvarde 1,5 cm. Total breidde 19,5 cm. Total høgde 17,5 cm. 

 


søndag 1. februar 2026

Perlebelte med applikasjonar


Perlebelte sydd på raudt ullstoff, dekorert med kvite applikasjonar under annakvar åttebladrose av gyldne og blågrøne stråperler, supplert med småperler. Dobbelkors inni rosene, små kvite rosettar rundt annakvar rose. Elles er botnen fylt ut med kvite og gjennom- skinlege rundingar av småperler. Stråforma motiv av blå stråperler mellom rosene. Bakstykket kan vera ubleika bomullslerret. Beltet er handmontert og lukka med rund gyllen spenne og tre par hekter/maljer og måler ca. 83 x 5 cm. Applikasjonar er nytta på enkelte bringeklutar, men i mindre grad på belte. Beltet kan minna om belte frå Hardanger.