Bringekluten er brodert med leggjesaum og korssting i raudt, oker, svart og grønt ullgarn på linstoff. Opne, kvite felt er ein del av mønsteret, og stinga går i noko ulike retningar. Den broderte flata er delt inn med Andreaskors og ruter, og mønsteret kan òg tolkast som ei not. Korsa i åttebladrosene kan tolkast som kløverbladkors. Broderiet er montert på eit tettare linstoff, skøytt 6 cm nedanfrå, med grøn krokakvaring av silke som går noko over på baksida. Baksida er av raudrutete bomullsstoff, tilsvarande ein dansk tekstilprøve frå 1832. Bringekluten er utan innlegg og er montert med maskin. Bakside av raudrutete bomullsstoff, tilsvarande stoff finst som ein dansk tekstilprøve frå 1832. Mål: Breidde broderi 15 cm. Breidde broderi nedst 7cm. Høgde broderi 12 cm. Høgde silkekvarde 1,5 cm. Total breidde 19,5 cm. Total høgde 17,5 cm.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar