tirsdag 23. mars 2021

Belte med perlenett og ny svart kant

 


Dette kvinnebeltet har perlenett montert på mørk raudt ullstoff. Det er perla frå kortenden, truleg fram og tilbake med ei nål. Perlenettet er så festa til det raude underlaget på kort- og langsidene, evt. på fleire punkt. Gjentakande rapportar (ni heile og to halve) av kvite, gule og grøne romber/Andreaskors. 3/4 cm sølvband og 1,5 cm breitt nytt "satengband" på kantane. Endane er avslutta med eit to cm breitt metallband. Beltet er fôra med ubleika linstoff og er montert for hand. Det måler 9,5 x 85 cm medrekna den svarte kanten som må vera sydd på i nyare tid. Opprinneleg skal det ha vore ein lyseblå silkekant rundt beltet. Beltet er lukka med hekter/maljer og ei stor hekte med lauv, kanskje også av nyare dato. Granskar ein beltet nøye er det ein del perlefeil! Har det kanskje vore perla raskt i dårleg lys? Kven veit, uansett er det eit flott belte!








søndag 28. februar 2021

Valk til Tysneshuve




Frå gammalt har det vore brukt valk inni Tysneshuva, og denne huva vart då også tidlegare kalla valkahuve. Valken må formast slik at han passar til hovudet og sit stødig. I sein tid har det ikkje vore brukt valk inni huva, det gjer at ho heng meir og får eit søkk på toppen. Denne valken er fylt med halm som er fletta i remser og lagt i ein halvsirkel rundt hovudforma. Valken er kledd med linstoff. Indre saum kan vera sydd med maskin. Ytterst er valken fint kasta saman med lintråd, det tyder på at det er ein eldre valk. Halmen er halden på plass med to rader med lange forsting. Valken måler 27x 27 cm og er omlag 2 cm tjukk i midten framme, tynnare mot ytterkantane. Midt på er valken 7 cm høg. - På valkar for skaut er det ein støttekant som blir festa til håret og eit knyteband som blir lagt over støttekanten og knytt oppå hovudet.


søndag 21. februar 2021

Lange spøtasokkar for menn

 



Lange strikka sokkar for menn. Seks cm vrangbord av to rette og tre vrange masker, resten er glattstrikk. Den "firkanta" hælen er forsterka, m.a. med brunt garn. Lengde frå kne til hæl er 58 cm. Sokkane måler omlag 34 cm ved kneet, fotlengde 27 cm. Dei er lappa fleire gonger, både med stopping og påsydde strikka-lappar, desse kan vera frå andre plagg. Såle og tær kan vera strikka på nytt seinare. Dette har nok ein gong vore stassokkar - eller kanskje brudgomssokkar? - uansett så er dei velbrukte over lang tid!! Lappinga er ikkje så finsleg gjort, men har nok gjort sokkane ekstra varme og gode!



fredag 12. februar 2021

Hekla overdelar til linnet


Plagg frå ei tid då ein gjorde seg føre med heimelaga undertøy! Nydeleg heklearbeid som heldigvis er blitt spretta av når stoffet i linnetet var utslitt. To små fuglar er hekla inn midt foran på den 44 cm breie og 20 cm høge overdelen. Selane er 3,2 cm breie. Det er hekla med staver og luftmasker, med små picoter langs kantane.


Denne overdelen til linnet er 43 cm brei og 24 cm høg. Stoffet i nederdelen er spretta av. Det er hekla med staver og luftmasker (rutemønster med tre staver) og med blondeheking langs kantane, også på dei 4 cm breie selane.


 

torsdag 4. februar 2021

Bringeklut med bladmotiv


Bringeklut med dekor av bladmotiv, som me kjenner att i utallege variasjoner på bringeklutar, mannsselar og belte frå slutten av 1800-talet, då folkedrakta gjekk mykje ut or bruk. Broderi på stramei (5,5 x 14 cm) med fire blad i ulike farga perler. Botnen er fylt ut med korsstyng i grønt ullgarn. Kvit perlerad oppe og nede, med raude og gyldne perler inni. Kant av raudt ullstoff øverst, dette viser att nedanfor strameiborda også. Svart ullstoff 13,5 x 20,5 cm nedanfor broderiet. Kant av baksidestoffet av ubleika kraftig bomull viser framme. Ytre mål er 28,5 x 28 cm. - Fint handmontert bringeklut som er uvanleg godt polstra. Det rutete sidestoffet har eit innfelt stykke på eine sida, fint utført. På dei fleste bringeklutar er det ein kant av bomullsstoff nederst, den er utelaten her. Metallbanda er ikkje integrert i saumen og kan kanskje  vera sett på seinare. Dei er likevel tidstypiske for bringekluten.





lørdag 30. januar 2021

Grønt koneliv med fôr


Klassisk grønt koneliv kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og kvite perletaggar innanfor. Band og perler går ikkje heilt saman under ermane, dette var også vanleg på eldre overliv enn dette. Fôret er lagt fint til for hand, og altså ikkje vrangsydd slik ein gjerne ville tenkt i dag. Nede er liv og fôr kasta saman, på tilsvarande overliv i ullstoff er det gjerne sydd på ein liten kant. Overlivet blir lukka med tre par hekter/maljer i livet. Som dei fleste andre eldre overliv er dette i liten storleik: Livvidde 64 cm, høgde midt bak 38 cm, skulderbreidde 11,5 cm, høgde i sida 20 cm og høgde framme til snipp 23 cm. Ryggen smalnar inn nede til 10 cm. 











 

lørdag 16. januar 2021

Grønt overliv utan fôr


Grønt koneliv i kraftig ullstoff, utan fôr. Kanta med vovne band med kvite perletaggar innanfor (unnateke ca 3 cm under ermane og 6 cm framme). Overlivet er skona på vranga med rutete, tynt bomullsstoff 4 cm breitt framme, og brunt bomullsstoff 2 cm breitt rundt halsen. Vidde i livet er 71 cm, rygghøgde 39 cm, skulderbreidde 11 cm, høgde i sida 19 cm og høgde framme til snipp er 30 cm. Ryggen smalnar inn nede til 7 cm i livet. Det verkar som slike liv i tjukt ullstoff/vadmål er utan fôr. Saumane er som her ofte lagt fint inntil og kasta over. Maskinsydd kant nede. Bandet er grindvove i raudt ullgarn, omlag 3 cm breitt med blå romber og grøne Andreas-kors. Blå og grøne striper på sidene og kvit kant. Ein rapport er omlag 3 cm. Sjå liknande vove band i forrige innlegg.











 

søndag 10. januar 2021

Grindvove band

 


Grindvove band i raudt og blått ullgarn. Motivet er innramma av blå striper på sidene, og med ein kvit bomullskant på eine sida. Motiv er romber og Andreaskors. Ein rapport er omlag 3,5cm lang. Heile bandet måler 3,9 x 190 cm. Det kan ha vore tenkt til kanting av overliv eller kanskje også til stakkalinning?

Bandet sett frå retta

Bandet sett frå vranga
   



fredag 1. januar 2021

Nydeleg liten bringeklut med hjartemotiv


Nydeleg enkel liten bringeklut som truleg høyrer til den gamle draktskikken med korte overliv. Øverst ein kant av tre cm blå silke, dekka med ein vifteforma gullknipling. Midtfelt av raud ullbrokade 13 x 19/20 cm. Perlebrodert hjarta av gull, blå og blanke stråperler, samt kvite og blå småperler i ulike nyansar. Tre stjerner og små blå rosettar inni hjarta. Ytterst eit metallband. Rosa/lysstripete sidefelt. Baksidestoffet er i same stoff som sidefelta, det er skøytt nederst. Alt er handsydd. Bringekluten måler 29 x 21,5 cm.








 

onsdag 30. desember 2020

Grindvove band


Grindvove band i svart, blått og raudt ullgarn. Motiv er vekselsvis blå Andreas-krossar og raude hjarte som er sett saman til firbladsroser. Slike hjarte har ei magisk tyding, og står sjølvsagt også for kjærleik. Bandet måler 104 x 3,2 cm. Ettersom det er merke etter hekter/hemper kan dette ha vore ei stakkalinning. Her ser me rettsida øverst og vrangsida nederst.


søndag 27. desember 2020

Hardanger/nasjonalliv med smal rygg


Overlivet er kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Ein brei kant av raudt stoff i livet. Fôr av bomullslerret. Breidde rygg 33/14 cm (smalnar inn mot livet), høgde rygg 38 cm, skulderbreidde 10 cm og høgde i sida er 20 cm. Fløyelsbanda er sydd på med maskin. Typisk "nasjonalliv",  men med smal rygg slik dei siste Tysnesliva hadde.


onsdag 23. desember 2020

Belte som er perlevevd

Dette flotte perlevevde beltet måler 76 x 2,8 cm. Det er nytta kvite, oker, blå, mørkeblå eller svarte perler. Gjentakande motiv er åttebladsstjerner og Andreaskors med små firkantar inni. Fôr av raudt bomullsstoff. Beltet er lukka med to par hekter og maljer. Denne typen belte er blitt nytta til nyare bunadsbruk, til "nasjonalen", eller det kan vera eldre. Teknikken perlevev finn ein også som bord på enkelte eldre bringeklutar.

søndag 20. desember 2020

Klasssisk "nasjonalliv"


Klasssisk "nasjonalliv" i raudt ullstoff, montert med maskin. Kanta med svart fløyelsband med rosemønster og metallband innanfor. Fôr av bomullslerret. Brei rygg 27/36 cm. Høgde rygg 38,5 cm, skulderbreidde 11,5 cm og høgde i sida er 21 cm. Merke etter tre par hekter framme. Merk at dette overlivet ikkje har den smale ryggen som dei siste Tysnesliva i folkedrakttradisjonen hadde. Desse overliva er likevel ein del av historia vår, då folkedrakta vart erstatta av Hardangerbunad i form av "nasjonalen" og berre til høgtidsbruk.



søndag 13. desember 2020

Raudt lite overliv


Dette vesle overlivet av raudt ullstoff er kanta med omlag 2,5 cm brei svart fløyel. Eit smalt sølvband innanfor fløyelskanten langs halsen og framme. Ein liten kant av fôret av bomullslerret er bretta fram i livet. Heile plagget verkar handsydd. Overlivet har brei rygg (21,5 cm), høgde bak er 31,5 cm, vidde rundt livet 68 cm, skuldrene er 8 cm breie og høgde til snipp framme er 25 cm. Dette overlivet har både eldre (brei rygg, handsaum) og nyare trekk (smalt sølvband, kanting som går heilt saman under ermane). Dei nyaste trekka peiker mot at dette er eit "nasjonalliv".


søndag 6. desember 2020

Grønt koneliv utan fôr

 
Koneliv i kraftig ullstoff/vadmål, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, eit stykke smalt kypertvevd svart band under ermane og framme. Rutete skoning/kant i livet. Ryggen smalnar av nede og er berre 11 cm brei i livet. Rygghøgde er 35 cm, skulderbreide 11 cm og høgde i sida er 17 cm. Overlivet er ufôra og har svart skoning av ullstoff på vranga rundt halsen og framme. To par hekter/maljer i livet. Overlivet verkar handsydd. - Dette overlivet liknar mykje det forrige, men er utan fôr og har heller ikkje perletaggar innanfor fløyelsbandet. Dette var heller ikkje vanleg når ullstoffet var så kraftig. På denne type overliv kan ein også sjå vevde band, desse kunne vera produsert lokalt, men kjøpeband var kan henda meir stas! Slike overliv med smal rygg representerer siste rest av den gamle folkedrakta på Tysnes, før ein gjekk over til lokale variantar av Hardangerbunad, eller "nasjonalen". På gamle foto frå særleg 1880-åra kan ein sjå slike overliv.