Hjartebringeklut perla på burgunderraud fløyel. Det perlebroderte midtfeltet med Andreaskors og greske kors er 19 cm høgt og 17 cm breitt. Hjarta er av gylte stråperler med kvite perler i endane, korsa av blå, mjølkekvite og gylte stråperler, samt små og store perler. Øverst eit svart silkeband med brosjerte roser og eit sølvband nedanfor. Monteringa med maskin verkar sekundær. Det beige/rosa fôret er bretta over på framsida og dannar sidefelta, dette er ein nyare metode. Sølvbandet er montert utanpå sidefelta, det er sekundært. Fyrste kjende eigar var fødd i 1858 og døydde i 1945, men bringekluten kan evt. ha gått i arv ein generasjon før. Det er nærliggjande å tru at bringekluten har vore brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik. Remonteringa tyder at den flotte bringekluten også har vore brukt til bunad etter at folkedraktperioden var over.
søndag 15. april 2018
søndag 8. april 2018
Staseleg svart forkle
Staseleg forkle frå Uggdal (Reiso) i silke eller bomullsateng. Lilla og grøne striper som gjev fin ruteeffekt nederst. Forkledet er 73 cm høgt og 67 cm breitt nede. Frå livet og ned går det tre 50 cm lange innsnitt, i midten og på kvar side. Ein tre cm brei blonde er sydd på med maskin ved enden av innsnitta. Same type blonde er brukt nede. Jaren viser i begge sider. Oppe er forkledet 49 cm breitt. Ein cm av stoffet er bretta inn til linning, sydd med to maskinsaumar. Rutete skoning på vranga nede av liknande men rimelegare stoff.
søndag 4. mars 2018
Svarthuve - Tysneshuve
Svart konehuve i fløyel, 43 cm brei og 36 cm høg. Huva består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Svart silkekant/band framme. Bak ei 6,5 cm brei list av mørkt ullstoff. Skråklyppt 5 cm brei dobbel kvit bomullslist som dannar ein tittekant framme på huva. Den kvite lista kunne skiftast etter behov. Eit svart silkeband vart lagt utanpå den svarte kanten og knytt bak. Nede ein smal løpegang slik at huva vart rynka saman. Huva er fôra med govt lerret. Dette er ei klassisk svarthuve frå slutten av 1800-talet, relativt stor og sydd saman med maskin. Fløyelshuve vart rekna som stor stas. Tysneshuva vart også brukt til kjolemote, etter at den gamle folkedrakta var gått ut or bruk.
søndag 25. februar 2018
Bringeklut med perlevev
Særeigen bringeklut frå Onarheim av perlevev med mønster av rader med åttebladroser, smal bord med romber øverst. Bringekluten er 22 cm høg og 29 cm brei og montert for hand. Perlevev er 10,5 cm høg og 14,5 cm brei. Det er vevd med kvite, grøne, svarte og okergule perler. Øverst på bringekluten ei bord av 4,5 cm raudmønstra brokadestoff. Nedanfor perleveven eit gult band med gull-zic-Zac. Fôr av ikatfarga beige og blått bomullsstoff, same type fôrstoff kan ein finna att i overliv. Fyrste kjende eigar var fødd i 1838, uansett høyrer denne bringekluten til den gamle draktskikken med korte overliv.
søndag 18. februar 2018
Reivaband
Reiving av born kunne vera vanleg fram til 1920 - åra på Vestlandet. Babyen vart surra med eit breitt band. Til høgtid vart det truleg avslutta med vevde reiveband. Dette reivebandet er 2,5 cm breitt og 237 cm langt, medrekna 4,5 cm lange frynser. Kvar rapport av rombe og Andreaskors i rustraudt ullgarn er 2,5 cm. Blågrøn og rustraud mønsterstripe på sidene, jute i botnen. Bandet kan vera vevd på bandvev eller brikkevev. Truleg same eigar (f. 1838) som til dåpsbleia i forrige blogginnlegg og evt vore brukt i lag med den!
Sjå også blogg.
søndag 11. februar 2018
Kristnebleie (dåpssmekke)
Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 45,5 cm lang og 14/21 cm brei, er kvara (kanta) med to cm blå silke og med sølvband innanfor, som også er lagt i Andreaskors nedover. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite og grøne perler som formar mønster med Andreaskors/8-bladsroser og doble kors. Oppe er det eit fem cm breitt sølvband. Dåpssmekka er fôra med gulaktig linstoff. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Fyrste kjende eigar levde på Onarheim frå 1838 - 1922. Les meir om dette spanande plagget på
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristnebleie_(d%C3%A5pssmekke).
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristnebleie_(d%C3%A5pssmekke).
søndag 28. januar 2018
Grønt overliv med valk
Overliv i grønt brokadestoff. Maskinsydd, og fôr og liv er sydd saman kvar for seg. Vidde rundt livet er 66 cm, rygghøgde 38,5 cm. Skuldersaumar er trekt bakover og overlivet har smal rygg (12,5 cm nede). Skoning av raud - og burgundermønstra bomullsstoff rundt nakken og framme. Det er merke etter band omlag 2,5 cm breie. Lukking i livet med tre par hekter/maljer. Valk i livet (4 cm i diameter) er sydd i same ubleika stoff som fôret. - Dette er eit seint 1800-tals overliv (eller "øveliv" som det vart kalla), det ser ein på snitt, stoff og saum. Likevel har det element frå eldre overliv, som skoning og valk. Overlivet har lege i ei kiste saman med det svarte forkledet og det grøne, eldre overlivet i dei forrige blogginnlegga. Desse plagga representrer såleis ulike tidsepokar, historikk er elles ukjent.
.
Svart forkle med skråbreidder
Fokledet er av silke (eller glansa bommullsstoff) og er sett saman av tre skråbreidder. Breidde på forkledet er 29 cm oppe og 67 cm nede, høgde 70 cm. Maskinsydd. Midtfeltet har ein 6 cm brei dekor av svart ziczac-band og blomeband 24 cm frå nedre kant. Sju cm kvit blonde nede. Raud- og kvitstripa jare på vranga i sidene. Knapp i venstre side. - Fyrste kjende eigar var fødd i 1885. Dette kan stemma med at slike forklede var vanleg siste 10-åra av 1800-talet. Dei var ofte importerte - kom gjerne med sjøfolk. Forkleda fekk no skråbreidder, på same måte som kjolemoten. Tidlegare var fokleda rektangulære stykke. Dette var eit moteplagg som vart brukt i lag med siste restar av folkedrakta: Stakk og bluse, samt svarthuve og ei sølje i halsen.
søndag 21. januar 2018
Grønt liv av fløyel/plysj.
Gammalt kort overliv med breie skuldrar. Dei rette sidesaumane er trekt litt bakover. Handsydd, eldre monteringsmåte. Overlivet er kvara (kanta) med brunraude/gule band langs armhol, hals og framme. Innanfor banda er det merke etter 2,5 cm breie band, samt slike merke på skuldrar og rygg - dette kan ha vore vevde sølvband. Det manglar 8-9 cm av "bandet" under armane, dette var typisk på dei gamle overliva. Det kan ha vore valk nede. Overlivet er 80 cm rundt livet, rygglengde er 32,5 cm. Fôr av blått/ubleika ikatfarga bomullsstoff. Seks par snøreringar. Overlivet har nok i si tid vore brukt til stor høgtid.
søndag 14. januar 2018
Gammal hjartebringeklut
Her er nok ein gammal hjartebringeklut. Den har eit perlebrodert midtfelt på raud fløyel 11 x 11 cm. Inni hjarta er dei ei åttebladsrose og rosettar. 2,5 cm blå silkekant øverst, med perla Andreaskors under. Alt er brodert med gylte stråperler samt kvite, grøne og gule/oker småperler. Montert på linstoff/strie, eldre monteringsmåte for hand. Bringekluten skal vera frå Mevatne. Fyrste kjende eigar var fødd kring 1850, men bringekluten har så gammalt preg at den kanskje kan ha gått i arv ein generasjon før. Truleg brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik.
søndag 7. januar 2018
Staseleg hjartebringeklut
Denne flotte hjartebringekluten er 30 cm brei og 27 cm høg og har nok vore brukt til kort overliv i den gamle folkedraktskikken. Det perlebroderte raude midtfeltet i glansa ullstoff eller lin (16 x 14 cm) har eit hjarta av gull stråperler og kvite taggar. 8-bladsrose og dobbeltkross i midten er av gull stråperler med kvite perler i endane, samt svarte/grå og grøne perler. To store rosettar over. Kvite romber og blått perlefelt på toppen av svart fløyel over hjarta. Småmønstra skoning bak fløyelen. Fôr av bomull eller lin, kypertvevd. Sidefelta er av bomullsstoff med stort rosemønster. Bringekluten er frå Tysnesbygdo. Historikk elles er ukjent, men hjartemotiv symboliserer kjærleik, så det er nærliggjande å tenkja på truloving eller bryllaup!
Den vesle hjartebringekluten under er nysydd til ein 4-årsdag, laga etter modell og inspirasjon av fleire gamle bringeklutar med hjartemotiv.
søndag 17. desember 2017
Bringeklut med 8-bladsroser
Bringeklut av litt eldre type, montert for hand. Midtfeltet av raudt ullstoff har perlebroderte åttebladsroser og kors som dannar mønster som går ned i ein spiss. Det er brukt blå, grøne, gull og kvite stråperler, samt store gullperler. Øverst er det eit blomstrete band med ein sølvlknipling nedanfor. Bringekluten er 27 cm brei og 26 cm høg og har eit innlegg av stivt stoff i midten. Det lysblå-mønstrete bomullsstoffet i sidefelta er det same som bakstykket på bringekluten.
Bringeklut med blomemotiv
Denne bringekluten har eit midtfelt på 11,5 x 13,5 cm av svart ullstoff. Den 4-blada blomen med åttebladsrose i midten er brodert med kvite stråperler, samt blå og gule perler. Øvst er det ein brei raud kvaring med gullknipling på. Sidefelt i rosa, glansa bomullstoff. Bringekluten har innlegg av stivt stoff. Bakstykke av brunt stoff, lin eller bomull. Bringekluten er montert for hand og den korte og breie fasongen fortel oss at bringekluten har vore brukt til eldre draktskikk med korte overliv, truleg kring 1850. Perlene på nederste del av motivet er fjerna, truleg brukt sekundært på eit anna plagg.
torsdag 7. desember 2017
Klutatrøye
Fin klutatrøya av kypervevd bomullsstoff med små svarte blomar. Trøya har smal rygg og er maskinsydd, fôra med ubleika lerret. Fôret er sydd seperat i bolen, men i ermane ligg saumen open, fint kasta over. Kanta i halsen av same stoff. Trøya har ei bryst/livvidde på 88 cm og ei rygglengde på 35 cm. Lukka med 4 hekter/maljer. Ermet er rynka til mansjett 17 x 2 cm. Det seiest at trøya i si tid vart gitt som betaling for noko heimefarga garn. Klutatrøyer vart brukt under overliv (som tidlegare ermetrøyer), evt seinare meir som blusar.
Stakkalinning eller belte brodert med korssting
Belte brodert med korssting. Motiv er gjentakande heile og halve romber i blått, lilla, svart og gult ullgarn. Botnen er fylt ut med raudt ullgarn - alt i korssting. Beltet måler 76 x 3,4 cm og er fôra med ubleika bomull, kypertvove. Lukka med 2 hekter/maljer.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


























