Her er nok ein gammal hjartebringeklut. Den har eit perlebrodert midtfelt på raud fløyel 11 x 11 cm. Inni hjarta er dei ei åttebladsrose og rosettar.  2,5 cm blå silkekant øverst, med perla Andreaskors under. Alt er brodert med gylte stråperler samt kvite, grøne og gule/oker småperler. Montert på linstoff/strie, eldre monteringsmåte for hand. Bringekluten skal vera frå Mevatne. Fyrste kjende eigar var fødd kring 1850, men bringekluten har så gammalt preg at den kanskje kan ha gått i arv ein generasjon før.  Truleg brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik.

 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar