lørdag 14. oktober 2017

Kvinne i folkedrakt


Dette gamle fotografiet er ein god dokumentasjon på draktskikken i 1870 - 80 åra. Kvinna har overliv i fløyel eller brokade med roseband og gullband (- eller sølvband?) innanfor. Under overlivet har ho såkalla klutatrøye (truleg av trykt bommullstoff) med diagonale ruter. Bringeklut med heildekkande mønster (broderi eller perler) og silkesjal i halsen. Svarthuve som det kan vera ein liten valk inni. Mørk foldelagt stakk med eit smalt glatt felt framme. Truleg har ho ikkje forkle. 
Kvinna på biletet er Kari Sveinsdtr. Grimsland (1845 - 82) gift i 1878 med Henrik Henrison Vattedal (Drange 1989:588). Biletet er nok fargelagt seinare, så fargane er usikre: Overlivet kan ha vore grønt, og raudt hueband er ikkje registrert før! Hadde ein hatt sikre fargar på biletet kunne ein tidfesta det meir nøyaktig fordi gifte kinner hadde svart huveband, ugifte blålilla. Fargen på overlivet kunne også sagt noko om sivil status.



fredag 6. oktober 2017

Raud ermetrøye


Ermetrøye i raudt ullstoff/klede, saumane er handsydde med atterstyng. Venstre framstykke er sett saman av fire delar. Dekor på armane er svart silkeband med rosemønster, eit smalt  blått band og blonde som kan vera hekla. Armen har ein fem cm lang splitt og er skona med tre cm rutete flanell. Trøya er kanta med svart band langs framkantar og hals.  Ryggen er 42 cm lang og 12/33 cm brei. Armlengde er 58 cm. Trøya er kanta nede med tre cm breitt bomullsstoff. Fôr av ubleika linstoff i to kvalitetar. Trøya er lukka med tre hekter. Ettersom ermetrøya har ryggsaumar som er trekt langt bakover, kan ein rekna med at trøya er frå godt etter 1870. Dette ber også snittet preg av. Utanpå ermetrøya vart det brukt overliv i ein kontrastfarge, i dette høvet truleg eit grønt overliv.

Bringeklut med perlenett


Denne klassiske bringekluten med perlenett av romber i kvitt, grønt og okergult er montert på raudt linstoff som måler 17,5 x 14 cm. Svart silkeband med rosemønster øverst. Sidefelta er bretta over fôret av grovt stoff (strie?). Blått silkeband i overkant. Bringekluten er 21 cm høg og 23/20 cm brei og er avstiva under det raude feltet. To ulike rosamønstra sidefelt. Sjølv om det finst mange bringeklutar med denne type perlenett, har alle sitt særpreg. Perlenettet er laga seperat og kan ha vore perla med ei eller fleire nåler.



lørdag 30. september 2017

Klassisk bringeklut




Klassisk bringeklut, men likevel spesiell med brei bord oppe med perlebroderi av blå, kvite og gull stråperler, samt små kvite perler på raudt ullstoff som måler 9,5 x 6 cm. Motiv er 8-bladsrose og greske kors. Fløyel i overkant og svart stoff med striper under det raude feltet. Dei rombemønstra sidefelta er bretta over mot fôret av blå/kvitruta bomullsstoff. Bringekluten er montert for hand og måler 19,5 x 18,5 cm. Den 33 cm lange, moderne strikken tyder på bruk til barn i nyare tid.


onsdag 6. september 2017

Herresokkar av fleirfarga garn


Øverst har sokkane eit 11 cm ubleika felt, av dette er 6 cm vrangbord (2 rette og 1 vrang) deretter er det strikka med "flammegarn" i raudt og svart. Hæl og tå er av einsfarga ubleika garn. All auking og felling er gjort bak på leggen. Lengde frå kne til hæl er 45 cm, og foten er 25 cm lang. Vidde øverst er 13,5 cm, ankelvidde 11 cm. Den eine sokken er reparert og har hol i vrangborda, hælen er i anna garn og ein del av det raude er erstatta med ubleika garn under foten. Siste eigar var fødd i 1905 og døydde på 1990-talet, ho har teke vare på sokkane i lag med andre gamle klede. Historikk elles er ukjent.


Svarte kvinnesokkar


Heile sokken er strikka i  glattstrikk, med auking og felling bak på leggen. To cm øverst er bretta over på vranga, med ein taggekant i bretten. Lengde frå kne til hæl er 62 cm, og foten er 22,5 cm lang. Vidde øverst er 17 cm, ved ankel 10 cm. Hælfelling som på herresokkar av flammegarn. Siste eigar var fødd i 1905 og døydde på 1990-talet, ho har teke vare på sokkane i lag med andre gamle klede. Historikk elles er ukjent.

søndag 27. august 2017

Raudt overliv i nyare tradisjon



Dette overlivet av raudt ullstoff (kypertvevd) har saum i sida samt smal rygg (13 cm nede). Livvidde er berre 60 cm, samt 5,5 cm som er teke inn i kvar side, sydd for hand. Rygghøgde er 34 cm. Livet er maskinsydd, men saumane er lagt fint til for hand. Overlivet er kanta med svart silkeband med orange, grønt og blått mønster. Smale metallband innanfor, men ikkje under armane og framme. Vanleg fôr når det gjeld denne type overliv er ubleika lerret, men her er det i tillegg ein grå kvaring framme. Lukka med tre hekter/maljer. Dette er eit typisk overliv til "Nasjonalen" og det ber meir preg av skreddarsaum enn eldre overliv. Det verkar som halsutskjeringa kan vera gjort etter Kingos salmebok. Overlivet er frå Årbakka, men kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal. 


Lite raudt overliv


Dette er eit klassisk overliv til "Nasjonalen", sydd av raudt ullstoff (kypertvevd) og lukka med 3 hekter/maljer. Truleg halsutskjering etter Kingos salmebok. Overlivet har tilbaketrekte sidesaumar. Livvidde er berre 62 cm og rygghøgde 33,5 cm, likevel er dette eit vakse plagg! Overlivet er maskinsydd, men saumar er fint lagt til for hand. Framme i livet er det skøytt på to kiler, dette er truleg gjort i ettertid fordi det manglar fôr her. Overlivet er kanta med smale svarte silkeband med lilla og grønt mønster. Smale metallband innanfor, men under armane og framme nede er det brukt svart fløyel. Sjølv om dette overlivet ikkje høyrer til den gamle folkedrakta, er det del av ein nyare tradisjon på Tysnes, som festdrakt. 


søndag 20. august 2017

Bringeklut med perlenett


Denne bringekluten har perlenett som er festa på eit raudt ullstoff (19 x 19 cm). Ullstoffet er deretter montert på eit stripete bomullsstoff med symaskin. Perlenettet går ned i ein spiss og består av kvite, blå, svarte og gyldne perler tredd med mørk tråd. Perlenettet er sydd horisontalt med ein eller fleire nåler. Motiv er greske kors og romber i rutemønster, med stor 8-bladsrose midt på. Mellom sølvband og perlenett er det ein taggekant av kvite perler. Øvst klassisk svart fløyelsband med lilla og grøne roser.


lørdag 12. august 2017

Raud bringeklut med korsstyng


Brodert på stramei med korsstyng i forskjellige fargenyansar. Korsstynga er sydde i "seriar", dvs at halve stynga er sydde fyrst og så blir resten sydde på returen. Hjørna nede er ikkje brodert (ikkje nødvendig?). Motiv er "sofaputemønster". Slike mønster kunne koma med tyske handarbeidsblad frå slutten av 1800-talet. Men denne bringekluten er truleg noko yngre, dette ser ein på symåte og det meir moderne bandet oppe. Einsfarga raude sidefelt er sjeldant. Bringekluten er ca 24 cm brei og er montert med symaskin.

søndag 23. juli 2017

Lita dåpshuve i brosjert silke



Fin lita 3-blads dåpshuve av grøn silke m/brosjerte* lilla og gule roser, omkransa av 1,5 cm breitt svart silkeband med rosemønster. Dekor av kroklisser over saumane. Taggekant av kvite perler framme. Vidde nede er 19 cm, ansiktsopning er 26,5 og sidestykka måler ca 9 (høgde) x 11 cm. Fint sauma for hand m/lintråd, ikkje vrangsydd. Fôr av ubleika bomull/lin med blå striper. 13 cm lange knyteband. Denne type brosjert stoff finn ein att i bringeklutar og kan også ha vore brukt til overliv.  Huva er funne på Årbakka, men stammar truleg frå Lunde eller Heie i Uggdal.

*Brosjering er ein metode for framstilling av tekstilar, opprinneleg gull-, sølv- eller silkebrokade, der ein mønstertråd blir vevd inn i ein grunnvev ved hjelp av spesielle små skytlar. Det minner om broderi.
Kjelde: Store norske leksikon.


lørdag 8. juli 2017

Grønt overliv i fløyel



Dette overlivet av mørk grøn fløyel er kvara med 2,5 cm brei burgunderraud silke langs armhol, hals og framkantar og med sølvband innanfor. Merk at sølvbanda ikkje går saman under armane, dette var mote sjølv om det også kunne vera praktisk slik. Midtstolpe og to boger med sølvband på ryggen. Teikningar i rygg er renessansepreg og peikar bakover i tid. Dekor med sølvband var også påverka av det militære. Livet er fôra med tynt bomullslerret med forsterkingar framme og ved hals. Fyrste eigar var truleg fødd i 1826 og gift i 1849.


Overliv i raudt klede


Dette overlivet av raudt klede (tynt ullstoff) er truleg frå 1849 og skal også ha vore brureliv. Det har stor likskap med forrige overliv og har tilhøyrd same familie, men eg kjenner ikkje til om det er same person som har brukt begge overliva .Livet er kvara med 2,5 cm brei blå silke og sølvband. Midtstolpe og to boger med sølvband på ryggen. Rygghøgde 30,5 cm. Livet har hatt seks maljer som er sydd på med raud tråd. Eitt par hekter i livet. Fôra med kvitt linlerret. Begge overliva er korte (påverka av empiremoten), har tilnærma primærsnitt og brei rygg. Dei er sjølvsagt handsydde, dette var før symaskiner var vanleg!



søndag 2. juli 2017

Jentehuve i blå fløyel





Jentehuva var mindre enn dei svarte huvene for gifte kvinner, men snittet var det same. Denne huva er sydd i mørkblå spegelfløyel. Bakstykket er fôra med gult bomullsstoff, gråblått i framstykket. Delane er fôra kvar for seg og deretter sydd saman. Under framkanten av huva vart det festa ei kvit bomullslist som kika fram nokre mm. Og over silkebandet langs framkanten, vart det lagt eit laust silkeband som ein knytte bak. Dette var blå/lilla for jenter (svart for koner). Verken dette eller bomullslista er bevart. Nede er huva kanta med svarte silkeband med rosemønster og det er laga ein løpegang til den svarte snora som ein justerte vidda nede med. Dette er ei flott huve som eg også har hatt glede av å laga ein kopi av. - Ettersom det er brukt fløyel i huva - og det var ikkje vanleg - kan ein rekna med at huva var brukt til stor høgtid! 

Grøn trøye



Trøya skal vera brukt av mor, evt. bestemor til informant som var fødd i1917. Denne familien var dyktige med handarbeid. Trøya er utan fôr og sydd delvis med maskin, saumar er lagt til for hand. Det grøne 2-skaft ullstoffet kan verka heimevove. Trøya er dekorert på armane med broderi i blått/grønt på raudt ullstoff (liknar vev) samt ei kvit perlerad. Brun fløyel i halsen med blårutete skoning. Trøya har 9 knappar/knapphol med skoning under av ulikt rutete stoff. Skoning av blomstrete stoff under armlist. Midt bak er trøya 42 cm lang, breidde over rygg (liv) er berre 32 cm. Armlengde 58 cm og skulderbreidde er 12,5 cm. - Ein kan vel sei at dette er ei trøye på veg mot moteplagg, jamfør knapping og wienersnitt. Likevel har den mykje folkedraktpreg i stoff og dekor.