søndag 9. juni 2024
Jaquardvove silkeforkle
mandag 27. mai 2024
Vove perlebelte
tirsdag 14. mai 2024
Fangband
Fangband med perlenett på raud ulldamask med gjentakande rapportar av kvitperla Ave Verum monogram som deler opp underlaget, fylt ut med oker og grøne perler som dannar små ruter og kors. Kanta med 7 mm blå silketaft, dekka av smal gull-lan på tre sider, samt kors av metallvove sølvband i den boga enden. 2,5 cm silke og sølvknipling i andre enden. Bakstykke av gult glansa bomullstoff med pappinnlegg. Fangbandet måler 7,5 x 75,5 cm. Fangbandet er gammalt og det er ikkje kjent kor mykje slike har vore brukt på Tysnes.
mandag 29. april 2024
Bringeklut med finsleg mønster
søndag 14. april 2024
Tysneshuve - konehuve
søndag 31. mars 2024
Silkesjal
søndag 17. mars 2024
Laskatrøye
torsdag 7. mars 2024
Kristnebleie eller dåpssmekke
Staseleg kristnebleie, også kalla dåpsmekke med mange symbol. Dåpssmekka er kvarda med to cm brei grøn silke som er lagt tre mm over på vranga. Gullknipling 1,5 cm brei på langsidene og nedst. Eit metallband øvst på 4 x 15 cm. To Andreaskors av gull- og sølvband, 2,3 cm breie. Slike vovne sølvband (galoner) lagt i kors er vanleg på eldre dåps-smekker. Åttebladroser, Andreaskors og greske kors av blå, gull og kvite stråperler, supplert med kvite, grøne og oker perler. Det manglar perler nedst på dåpssmekka. Bakstykke av ubleika linstoff. Alt er handsydd. Lengde 43 cm, breidde øvst 17 cm, breidde nedst 12,5 cm.
Les meir om kristnebleie på lokalhistoriewiki.no
mandag 19. februar 2024
Staseleg stakk
søndag 4. februar 2024
Forkle med tyllbroderi og hekling
onsdag 17. januar 2024
Smøyg eller klostersaum?
onsdag 6. desember 2023
Brosje
Perlebrodert brosje, truleg på eit linstoff. Heile framsida er overbrodert med gjennomskinlege, burgunderraude, kvite, blå, svarte og gyldne perler. Raud strie og brune kroklisser rundt. Øvst ei nål til å festa brosjen på eit plagg. Motiv er eit kors i midten og mange små kors rundt. Bakside av eit beige elastisk stoff med mønster av små rundingar. Diameter 7,5 cm. Kanskje brukt til motedrakt i overgang frå folkedrakt - rundt 1900?
lørdag 4. november 2023
Stakkalinning eller belte?
Dette har anten vore ei stakkalinning eller eit belte. Det er brodert på lin eller strie med grønt og raudt ullgarn i leggjesaum og korssting med motiv av gjennomskinlege perler, Andreaskors og ruter på kant. Raud sikksakk-bord langs eine langsida i klostersaum (?), fylt ut med blått. Merke etter tråklesting med brun lintråd langs andre sida. Bakstykke og lukking er fjerna. Lengde 72 cm, breidde 2,5 cm.
torsdag 26. oktober 2023
Laskatrøye for kvinner
Laskatrøye for kvinner av svart klede. Trøya er kvarda med tre cm breie fløyelsband langs hals, framme og på ermane. To laskar i kvar side, fint boga nede. Lengde midt framme er 70 cm, høgde under arm 57 cm, rygglende 74,5 cm, ryggbreidde 40 cm, skulder 18 cm, total vidde nede 348 cm, lengde liv til nede 35 cm, vidde erme 36/22 cm, lengde erme 61 cm, breidde ryggstykke 7 cm. Lukka med tre hekter/maljer i livet, ei ved handledd der det er ein seks cm lang splitt. Sydd for hand med svart lintråd. Fôr av rosa mønstra bomullsstoff i bolen, ubleika lerret i ermane. Fôret er lagt til for hand med lukka saumar, unnateke på laskar og ermehol der sårkantar viser og er kasta over. Laskatrøya var først og fremst eit inneplagg, til ytterplagg vart det gjerne brukt storsjal.
tirsdag 10. oktober 2023
Muffe?




















