mandag 10. mars 2025
Bringeklut med dobbel uttrekkssaum
søndag 2. mars 2025
Bringeklut med leggjesaum og perler
søndag 23. februar 2025
Skjortebryst for kvinner?
Skjortebryst for mann. Plagget er i bomull og er 28,5 cm breitt og 35 cm høgt midt framme To innfelte kiler på 7 x 9/10,5 cm, desse gjev også fasong til den 8 cm høge kragen. Halsopning 6 cm brei, ca. 3 cm høg midt framme. Dekor av hardangersaum med tre ruter på kant. Ei halv åtteadsrose i plattsaum øvst. Smal fald rundt, jare nedst. Alt er fint handsydd. Tilsvarande skjortebryst er blitt registrert i Fana.
søndag 16. februar 2025
Barnehuve - dåpshuve til gut
søndag 9. februar 2025
Løyert
søndag 2. februar 2025
Overliv - eldre draktskikk
søndag 26. januar 2025
Overliv - sein draktskikk
søndag 19. januar 2025
Forseggjort barnehuve
Treblads barnehuve i tynt bomullsstoff med striper og romber i stoffet. Sidestykka måler ca. 10 x 10 cm og har ein liten skøyt på høgre side. Midtfeltet måler bak 3 cm, lagt i eit legg til 0 cm og aukar til 5,5 cm framme i panna. Sidefelt og midtstykke er sett saman med to cm hekla eller knipla felt i mellom. Framkanten måler 28,5 cm, der er det ein foldelagt, truleg hekla blonde 1,5 cm brei. Alt er handsydd med smale saumar. Huva er utan fôr og har ikkje løpegang nedst. Knyteband på 0,4 x 14 cm. Fyrste kjende eigar var fødd i 1885, kan henda var det hennar dåpshuve?
søndag 12. januar 2025
Mørk blå jentehuve
Mørk 3-blads blå jentehuve i peu de pêuche. Kanta med mønstrete silke (kan henda gjenbruk av eit silkesjal) 3 cm brei framme, ca 1,5 cm nede. Kvite perlelisser er sydd på langs silkekanten. Huvesaumane er dekka av 6 mm breie svarte og beige sikksakk-band. Huva har fôr av bomullsstoff med trykt småmønster, alt er fint handsauma. Restar etter 1,5 cm breie raude ullband til knyting.
Mål: 27 cm langs framkant, 21 cm nedst, høgde side 11, breidde midtstykke bak 5 cm, breidde midtstykke framme 8 cm.
Dette er truleg ei jentehuve fordi gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Huva stammar frå Gjersheim på Hamarhaug, som høyrde til Tysnes kommune fram til 1907.
onsdag 1. januar 2025
Ermetrøye
lørdag 21. desember 2024
Brurestakk eller understakk
Raud stakk i ullstoff i lerretsbinding, stoffet kan vera stykkfarga. Stakken er sett saman av fem breie og to smale stoffbreidder. Den 1,8 cm breie linninga er fôra med rutete stoff. Vidda til livet er teke inn med to felt med striperynkingar, 5 cm breie, 10 og 6,5 cm ned frå livet. 23 cm lang splitt i ein saum, saumen er også rakna vidare ned 9 cm. Lukking med to hekter/maljer samt to hekter og trådhemper i splitt. Nedst har stakken ein 4 cm brei rutete skoning av bomullsstoff og ein sopekant på ca. 1 cm. Dekor av to svarte 2,5 cm breie blonder med start 9 cm nedanfrå. Stakken er 88 cm høg, har ei livvidde på 71cm og vidda nede er 228 cm. Stakken er maskinsydd med svart tråd og er truleg frå slutten av 1800-talet. Kan dette ha vore ein brurestakk?
mandag 9. desember 2024
Nyare hjartebringeklut
Bringekluten har eit perlebrodert hjarta på ca. 12 x 12 cm av gyldne stråperler, innramma av kvite perlelisser. Inni hjartet er det ei åttebladsrose, to greske kors, samt små korsformer. Hjartet er perla på eit raudt ullstoff ca. 16 x 16 cm. Kvarde av eit 2 cm breitt blomstrete band og 0.7 cm breitt metallband. Breidde øvst 29 cm, nedst 27 cm, høgde 23 cm. Bakstykke av ubleika lerretsvove bomull. Montert med maskin. Hjartebringeklutar vart vanleg frå midt på 1800-talet, og vart også mykje brukt til "Nasjonalen" frå kring 1900. Denne bringekluten er truleg frå langt utpå 1900-talet. Det spesielle er at også sidefelta er i ullstoff.
søndag 1. desember 2024
Burgunderraudt fløyelsoverliv
Overlivet i burgunder fløyel har brei rygg med ein liten kile midt bak. Kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med rosemønster og 0,7 cm breie metallband. Saumane er bretta til sides. Skuldersaumar er lagt ned for hand, sidesaumar er bretta inn og sydd med maskin. Banda er sydde på for hand. Den vesle kilen midt bak gjev overlivet ei god form. Ein ekstra detalj er at det er laga eit lite hakk i sidesaumane, på høgde med kilen bak. Mål: Rygghøgde 37 cm, skulderbreidde 10 cm, høgde i sida 20 cm, høgde midt framme 27,5 cm, vidde liv ca. 68 cm. Fôr av ubleika lerretsvove bomullsstoff. Lukka med tre par hekter og maljer i livet. Overlivet er svært fint utført.
lørdag 9. november 2024
Bringeklut med bladmønster
Perle- og ullgarnsbroderi. Brodert bord på stramei 14,5 x 5,5 cm. Grønt ullgarn med leggjesaum i botnen og bladmønster av gjennomskinlege, brune, kvite og gyldne perler. Det er sydd frå kortsida. Slike bladmønster vart vanleg på bringeklutar og belte frå slutten av 1800- talet, då den gamle draktskikken heldt på å gå ut. Rader av kvite og gyldne perler øvst og nedst på borda. Ca. 3 cm brei fløyelskvarde. Midtfet av svart fløyel ca. 14 x 17 cm. Bakstykke av rutevove bomullsstoff. Sidefelt av svart bomullsstoff med trykte raude roser. Breidde ca. 27cm, høgde ca. 32 cm. Truleg montert for hand.
lørdag 26. oktober 2024
Applikert og perla belte

























