søndag 25. oktober 2020

Kristnebleie eller dåpssmekke

Kristnebleie, også kalla dåpssmekke var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet. Ein la ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene, utanpå reivene. Kristnebleia var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute, og såleis vera til vern for barnet. Denne flotte handsydde dåpsbleia er 44 cm lang og 16,5/12,5 cm brei. Dekor på raudt ullstoff av blå, gull og kvite stråperler og kvite og grøne småperler som formar mønster med greske kors, dobbeltkors (som var til dobbelt vern), Andreaskors, åttebladsrose (står for det evige livet) og ei stor rose/Andreaskors i midten. Perletaggar langs kanten, kvite romber nede. Dåpsbleia er kanta med blå silke og fôra med blått bomullsstoff med blomemotiv. Nederst er bokstavane MKKDD, perla av kvite småperler. Me veit at siste D plar stå for dotter. Denne dåpsbleia er svært godt bevart. 

Om kristnebleie på lokalhistoriewiki







søndag 18. oktober 2020

Grøn og raud dåpshuve



Nydeleg tre-blads handsydd dåpshuve i grøn ulldamask, omkransa av to cm breie raude, brosjerte band, samt bomullsblonde som er lagt i folder langs framkanten. Dekor av greske kors/åttebladroser av mjølkekvite, blå og gyldne stråperler på kvar side av huva. Taggekant av kvite perler framme og kryss av kvite og grøne perler over saumane. Vidde nede er 23 cm, ansiktsopning er 28 cm og sidestykka måler ca 10 x 10 cm. Det er restar etter knyteband framme. Fôr av ubleika lin. Huva kan gjerne ha vore brukt saman med ei dåpsbleie frå same buet. Og kanskje huva er laga av restar etter eit overliv i kostbart stoff i den eldre folkedrakttradisjonen?



søndag 11. oktober 2020

Nydeleg påkosta eldre overliv


Nydeleg, godt bevart overliv i silke med brosjerte motiv i grønt, lilla, gult og raudrosa. Kanta med raud silke 3,2 cm brei og breie gullkniplingar langs ermhol, hals- og framkantar, samt gullkniplingar over skuldrene. Det er typisk på eldre overliv at kniplingane ikkje går heilt saman under ermane. Silkekantane er klipt trådbeint og sydd fint til livet med små legg - skråkantar var ikkje vanleg. Nede er det ein 3,5 cm kant av ulike blåmønstra bomullsstoff. Trass i dyrt stoff og gullkniplingar, har ein ikkje hatt nok av same bomullsstoff til kant i livet! Overlivet har tilnærma primærsnitt og måler berre 34,5 cm over ryggen, høgde bak er 37 cm og framme 29,5 cm. Sidesaumane måler 16 cm og skulderbreidde er 15 cm. Fôr av ubleika linstoff. Tre par ringar til snøring. Dette handsydde overlivet høyrer til den eldre drakttradisjonen og er truleg brukt med breitt belte og stakk som går høgt opp i livet. Ein kan rekna med at overlivet er frå fyrste halvdel av 1800-talet.






fredag 25. september 2020

Klassisk og velbrukt bringeklut



Klassisk, lang bringeklut medperlebrodert bord og svart fløyelsband med blomemønster øvst. Det er perla på raudt ullstoff med kvite, gyldne, svarte og mange blå perler, samt gull stråperler. Kvite perletaggar nedst. Nokre perler som er løsna er blitt erstatta med grøne perler. Motiv er romber og greske kors. Det grøne feltet i midten har nuppa seg, det kan vera av flanell. Raudruta sidefelt, eit lilla og svart felt nedst. Ein kant av baksidestoffet av kypertvove ubleika lerret viser framme. At bringekluten har geometrisk dekor, samt ulikt mønstra bomullsstoff i sidefelta viser at denne bringekluten er eldre enn bringeklutar med til dømes bladmotiv, sjølv om ingen av dei har vore brukt til dei gamle, korte overliva. Dei blå perlene er ikkje så vanlege på bringeklutar i dag.







lørdag 19. september 2020

Klassisk lang bringeklut



Lang bringeklut med brodert bord og kvarde av svart fløyelsband med blomemønster. Borda består av perlebroderi i mange fargar, med botn i leggjesaum og evt. korssting i grønt ullgarn. Det er brodert på stramei. Motiv er tre stiliserte blad med ein kvit "stilk" omslynga av ein symmetrisk essarand Broderiet er ramma inn av perlerader øvst og små perlerosettar nedst. Midtpartiet er av svart ullstoff. Dei blå- og kvitruta sidefelta er sydd fast til bakstykket (av kypertvove lerret) med maskin. Ein kant av bakstykket viser framme.






søndag 13. september 2020

Bringeklut med stjernemotiv



Bringekluten har perlebroderi på raudt ullstoff som er skøytt nederst. Hovudmotiv er ei stor stjerne/åttebladsrose av kvite, blå, gull og sølv stråperler, samt kvite perler i midten på ni stjerner som ligg rundt. Svart fløyelsband med rosemønster øverst, det kan sjå ut som dette er sydd på seinare. Lerretsfôr av lin eller bomull. Trykkknappar i sidene øverst kan tyda på at bringekluten er brukt i seinare tid. Bringekluten er montert med maskin, eventuelt kan det vera ei remontering, også ettersom sidefelta er av same type stoff. Det finst mange bringeklutar med liknande motiv, alle er likevel unike.









søndag 6. september 2020

Klassisk bringeklut med perlebrodert bord


Klassisk, lang bringeklut med bord oppe og fløyelsband med blomemønster øverst. Borda er perlebroderi på stramei, utført med kvite, gull og svarte perler, blå perler i botnen. Kvite perletaggar nederst. Motiv er åtte-bladsstjerner med rombe i midten. Svart ullstoff nedanfor perlebroderiet. Sidefelt av raudmønstra bomullsstoff. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret viser også framme. Bringekluten er montert med maskin og er truleg frå tidlegast 1890- talet, kanskje nyare, ettersom den er i så god stand. Sidefelt av same stoff er også eit nyare teikn. Sjølv om denne bringekluten ser ordinær ut er den perlebroderte borda spesiell; det var ofte brukt korsstyng i ullgarn som bakgrunn for perlene. Men her har ein hatt raust med perler!




søndag 30. august 2020

Bringeklut med stråperler


Sjølv om denne bringekluten har flott dekor av stråperler (kvite, blå, gull og sølv) montert på raudt ullstoff, er dette ein mindre arbeidskrevande perleteknikk. Motiv er åttebladsstjerner omkransa av kors/stjerner. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Mellom det raude og mørkgrøne ullstoffet er det eit smalt metall "gullband". Perlebroderiet er ganske slitt, det kan kanskje ha vore brukt på ein kortare, eldre bringeklut. Montering av  sidefelta av orange bomullsstoff med svarte prikkar er utført med litt røff maskinsaum. At alle sidefelta er av same stoff kan også tyda på remontering. Den smale typen metallband er heller ikkje vanleg på dei eldste bringeklutane. Baksidestoff av ubleika bomullslerret. Uansett ein flott bringeklut som kan ha hatt ein mangslungen historie!






torsdag 27. august 2020

Vakker og velbrukt bringeklut




Denne fargeglade bringekluten har perler montert på raudt, kypertvove ullstoff, som er smuldra mykje opp. Eit papir-innlegg viser bak det raude stoffet. Kvite, blå og gyldne stråperler, samt blå, kvite og store gyldne perler dannar eit gresk kors over eit Andreaskors. Kvite stråperler øvst dannar ein sikksakk, med små blå perler imellom. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster og ein gullknipling over. Kan henda er bringekluten montert på nytt. At det er brukt det same blå bomullsstoffet med kvite prikkar både på sidekantar og bakstykke kan gjerne tyda på det, dessutan var det vanleg at sidefeltet nede var av eit anna stoff.  


søndag 16. august 2020

Påkosta langt overliv med smal rygg


Påkosta langt overliv med smal rygg. Dette er eit "nasjonalliv", men også prega av eldre symåte med eit belegg (blått med kvite prikkar) under snippen. Heile overlivet verkar handsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og smale metallband innanfor. Banda går heilt saman under ermane, i motsetnad til det som var vanleg på tidlegare overliv. Framme er det skøytt på med svarte smale band. I livet er stoff og fôr sydd saman med kastestyng. To par hekter/maljer i livet. Fôr av lyst, stripete bomullsstoff, ubleika stoff i ryggen. Under snippen er det trykknappar til feste for bringeklut, desse kan evt vera sydd på seinare.




søndag 9. august 2020

Bringeklut med perlenett


Bringekluten har perlenett av kvite, bondeblå, oker og grøne perler, montert på raudt ullstoff. Motiv er fire heile og fire halve romber, med Andreaskors som deler opp rombene. Bringekluten er kanta med eit blått, skinande stoff, dette er truleg sekundært, også fordi den typiske borda øverst manglar. Det mønstra bomullsstoffet nederst verkar derimot originalt, og det er sydd på for hand. Fôret er av kypertvevd ubleika lerret. Kan evt vera sydd om til barnebringeklut, med trykknappar til å festa bringekluten inni overlivet. Uansett eit flott lite plagg som kan ha vore i bruk lenge.




mandag 3. august 2020

Flott bringeklut med stråperler


Denne flotte bringekluten har dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt småperler, montert på raudt ullstoff. Motiv er ein stor Andreaskors omkransa av mindre åttebladsstjerner og små kors og rosettar. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt av rosamønstra bomullsstoff, det same stoffet finn ein også i ei klutatrøye frå Tysnes. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret. Montering er delvis gjort med maskin. Evt kan bringekluten vera remontert, men det er vanskeleg å sjå. Bringekluten er i god stand, men enkelte perler har løsna.


søndag 26. juli 2020

Grønt overliv med kvite perletaggar


Klassisk overliv i grønt ullstoff, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Lukka med hekter og maljer. Liten valk i livet. Fôret av ubleika stoff i fiskebeinsmønster er lagt til for hand med mørk tråd. Heile overlivet verkar solid handsydd, og er ikkje omsydd. Sidesaumane er trekte litt bakover, men ryggen er ikkje så smal som den vart seinare. Overlivet er lenger enn dei gamle korte overliva med brei rygg. Uansett er dette eit fint døme på draktskikken på Tysnes mot slutten av 1800-talet. Evt. kan handsaumen tyda på datering så tidleg som kring 1870, men dette er usikkert.


Solid utført handsaum på vranga!



søndag 19. juli 2020

Ein uvanleg bringeklut!


Denne bringekluten er brodert på eit teljestoff i bomullskvalitet. Leggjesaum i blått ullgarn dannar bakgrunnen. Gjennomskinlege perler dannar eit motiv som liknar på ein tulipan. Bokstavane BR AD er brodert med perler. D står for dotter. Bringekluten er ikkje ferdig montert. Både bakstykke og kvarde øvst manglar. Alle sidefelta er av same stoff, det mest vanlege var at det nedste feltet var i eit anna stoff. Broderte initialer ser ein helst på dei eldste bringeklutane. Evt. kan det her vera snakk om ei ettermontering. Uansett er dette ein uvanleg bringeklut!



søndag 12. juli 2020

Overliv utan kvaring i halsen


Dette nette overlivet av raudt ullstoff er spesielt fint utført med handsaum. Fôr av ubleika bomull eller lin, hekter og maljer i livet. Overlevet er kanta med grøn silke (klyppt etter trådretninga) langs ermhol og framme, men ikkje i halsen, dette er uvanleg på Tysnes. Under ermane er det skøytt  på med svart fløyelsband med rosemønster. Perletaggar rundt ermholet, perlerad av småperler og stråperler framme og over skuldrene. Overlivet har brei rygg. Kvaring i hals og valkekanten i livet er av same stoff. Overlivet har både gamle trekk (grøn silkekant, brei rygg, liten valk og handsaum) og kanskje nyare, kreative trekk; perlerad framme og på skuldrene. Kan overlivet evt vera frå eit anna distrikt?