lørdag 28. oktober 2017

Bringeklut med gyldenlær


Denne velbrukte og truleg svært gamle bringekluten har korstingsbroderi på raudt linstoff 18 x 6,5 cm med tre store Andreaskors som hovudmotiv, innramma av to border. Det er brodert med bondeblått, lilla, gult og grønt garn, samt kvite perler. Eit "gullband" nedanfor broderiet. Øverst har det vore eit dekorband. I midten eit felt av gyldenlær, dette vart stundom brukt på gamle bringeklutar. Klassisk mønstra sidefelt av bomullsstoff. Bringekluten er 28 cm brei og 24 cm høg og er fôra med mørkblått linstoff. Handsydd.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar