Bringekluten har ei tettsauma bord på stramei 7 x 14,5 cm med tre raude roser og grøne blad i garn og bokstavane AMMDH nedanfor, sydde med grøn/blå perler. Litt grøne, kvite, svarte og raude perler i roser og blad. Botnen er fylt ut med lilla garn. Grønt felt av ullstoff på 14 x 14,5 cm. Øvst ein kvaring av svart fløyelsband med rosemønster. Dette dekker eit smalare, slitt rosete band under. Både sidefelt og baksidestoff er av brunt/rosa/svart-rutete stoff. Monteringa med maskin er truleg sekundær, ikkje minst kan dei skråsydde hjørna tyda på dette. Ytre mål er 27 x 28,5 cm.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar