fredag 10. mars 2017

Stormønstra overliv



Dette overlivet har snitt med brei rygg, men er lengre enn dei eldste overliva som har meir primærsnitt. Omsaumen med maskin (nye skulder- og sidesaumar) verkar hastig gjort. Kanta med roseband, 6 cm fløyel under armane. Slike roseband er mykje brukt på seinare overliv, dei kan såleis evt vera sekundære.
Overlivet er 35,5 cm langt i ryggen og har ei livvidde på 68 cm. 18 cm langt i sidene. Nede er det ein liten valk. Stoffet verkar meir 1700-tals, men det kan vera stoff ein har hatt liggjande. Det finst minst to andre overliv frå Tysnes i tilsvarande stoff.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar