fredag 17. mars 2017

Overliv prega av kjolemote



Dette er eit typisk overliv i tynt ullstoff, frå slutten av 1800-talet, prega av kjolemote med langt liv, smal talje og av "nasjonalen". Hand- og maskinsydd. Kanta med roseband, som også er å sjå på eldre overliv. Liv og fôr er kasta saman nede. Livvidde er 68 cm, ryggen er 39 cm lang og høgde i sida er 23 cm. I motsetnad til forrige overliv går banda saman under armane og heilt ned i livet. 3 hekter/maljer i livet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar