Enkel, liten bringeklut. med perledekor: Gyldne stråperler, kvite og oker perler er montert på ein halv oval av grønt ullstoff (17 brei og 13 cm høg), festa til baksidestoffet med leggsaum med raud ulltråd og lingarn. Motiv er tre greske kors og fire stjerner/kors, samt kvite små perla kors. Motiva er ruta opp med metalltråd. Øvst ein kvarde av raudrosa silkeband og metalltråd. Perlene er sydd gjennom til baksidestoffet som er av blått/lyst stripete linstoff, falda med lintråd. Kvit linkant øvst. Alt er sydd for hand. Breidde 25 cm, høgde 20,5 cm.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar