Handsydd eldre type kort overliv. Snittet peiker meir mot 1700-talet, kanskje det kan vera så gammalt? Overlivet er kvara med raud silke langs armhol, hals og framkantar. Slike kvaringar var ikkje skråklypt, dette vart vanleg fyrst i seinare tid. Vevde sølvband (kunne vera uniformseffektar!) innanfor silken, samt på skuldrar og eit rett og to boga sølvband i ryggen. Sølvbandet går ikkje heilt rundt under armane og ikkje heilt ned framme eller i ryggen. Dette var evt for å spara på banda, men det var også mote. Seks par avlange, støypte snøremaljer framme. Spesielt med dette livet er at det har rund hals. Evt har det vore valk i livet. Det er blitt fortalt meg av eldre informant at fløyelsliv kom med koner (brurer) frå kysten!
søndag 14. mai 2017
fredag 5. mai 2017
Fantasifullt overliv
Dette spesielle overlivet vart innkjøpt til Bergen Museum i 1885. Det er handsydd og har eldre snitt med brei rygg og rette skuldrar. Mønsterteknikk er stofftrykk, evt maling på 2-skaft ullstoff. Kvara (kanta) med stripete band i raudt, grønt og kvitt, truleg av lin/silke. Men banda kjem i bakgrunnen for mønsteret i stoffet!.Fôr av ubleika grovt linlerret. Åtte par hol (etter maljer eller ringar) og lukka med hekte/malje i livet.
.
Brureliv frå 1849
Dette nydelege overlivet i glansa ulldamask frå 1849 skal vera del av ei bruredrakt frå Onarheim, innkjøpt av Bergen Museum i 1885. Kort overliv i eldre snitt med brei rygg og rette skuldrar. Det er handsydd, svært forseggjort og overlivet er sydd av heile stoffstykke. Fôr av kvitt linlerret. Grøne silkekvaringar langs armhol, hals, framme og på skuldrene. Framme er det merke etter snøremaljer. Høgde på rygg er berre 36 cm, men livet er uvanleg stort (vidt) og kan gjerne tilsvara dagens str 40-42.
fredag 28. april 2017
Bringeklut med bord oppe
Dette er ein typisk bringeklut frå siste del av 1800-talet, litt avlang og med dekor oppe. Broderiet (5 x 15 cm) er utført med ullgarn og plattsaumsting på stramei i fargane raudt, blått, grønt og lilla. Blå broderte "kroklisser" oppe og nede på borda. Rosa bomullsstoff med striper og kvite spetter på begge sider av midtfelt i grøn ulldamask. Bakstykke av ubleika bomull i kypertvevnad, jaren viser framme. Bringekluten er montert både for hand og med maskin. Stramei til å brodera på kom i bruk frå kring 1870. Den fyrste strameien likna meir på lin, men strameien i denne bringekluten er av "nyare" type.
Grøn ermetrøye
Utfrå snitt, saum (delvis maskinsydd) og stoff (ullstoff/klede) ser ein at dette er ei ermetrøye frå siste del av 1800-talet. Skulder - og sidesaumar er trekt bakover, slik at ryggen berre er 13 cm brei i livet. Begge armar er sett saman av eit hovudstykke og fire mindre stykke, av dei ein mørk grøn kile (har truleg mangla stoff). Fire cm breitt silkeband samt smal blonde og sju cm lang splitt på armane. Smalt, mønstra fløyelsband i halsen. Trøya er 35 cm lang og armane måler 54 cm. Lukka med 8 par hekter/maljer. Fôr av ubleika lerret.
Ermetrøye vart brukt under overliv og med halvskjorte, såkalla "lygar" i halsen. Men denne trøya viser også overgang til kjolemote, så ein veit ikkje om den òg kan ha vore brukt utan overliv?
søndag 16. april 2017
Kristnebleie (dåpssmekke) med sølvband
Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 40 cm lang og 18,5 cm brei (10 cm nedst), er kvara (kanta) med ca. 2,3 cm brei blå silke og med ein 1,5 cm brei sølvknipling innanfor. To smale og to breie sølvband dannar to Andreaskors. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite perler som formar mønster med åttebladsstjerner. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. om Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Tre par knyteband er sydd fast til bakstykket, dette kan evt. vera sekundørt sidan banda ikkje er integrert i saumen på bakstykket. Smekka er kjøpt på auksjon av noverande eigar, elles er historikk ikkje kjend. Du kan lesa meir om dette spanande plagget på lokalhistoriewiki.no.
lørdag 15. april 2017
Kristnebleie (dåpssmekke) med applikasjon
Til langt utpå 1800-talet var det ein mykje brukt dåpsskikk å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Slik dåpssmekke eller kristnebleie var utbreidd særleg på Vestlandet, der ein gjerne nytta omgrepet "kristnaduk". Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekka var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute. Denne smekka har applikasjonar i silke og er kvara (kanta) med raudrosa silke og med sølvband innanfor. Rundt applikasjonane er det lagt trådar som er sydde over. Dei applikerte motiva må ein rekna med har hatt symbolverdi: hjarta (kjærleik) og den treblada blomen (den treeinige Gud). Smekka er frå Onarheim, elles er historikk ikkje kjend. Du kan lesa meir om dette spanande plagget på lokalhistoriewiki.no.
søndag 9. april 2017
Bringeklut med bokstavar.ok
.Denne bringekluten har eit brodert felt oppe med fem blad over fem bokstavar. Det er sydd med raude og gjennomskinlege perler og grønt ullgarn på stramei. Svart silkeband med lilla roser øverst. Det lilla brosjerte silkestoffet finn ein att i mange bringeklutar. Raudmønstra sidefelt. Bakstykke av brunmønstra flanell som går litt over på retta. Bringekluten er 26 cm høg og 28 cm brei og er montert med maskin. Bringeklutar med broderte bokstavar finst det fleire av. D en står for "dotter". Bringeklutar med bord oppe er typisk for Tysnes dei siste tiåra av 1800-talet.
fredag 31. mars 2017
Eldre type ermetrøye
Flott gammal handsydd trøye i raudt lerretsvevd ullstoff, kanskje heimevevd. Trøya har rette sidesaumar. Truleg frå før eller kring 1850. Begge ermar består av eitt stort stykke og ein lang kileforma del. Mosegrøne (falma?) silkeband langs hals og framme, 5 cm splitt på ermane og merke etter fløyelsband med rosemønster. Høgde midt bak 31,5 cm, vidde i livet 83 cm. 22 cm til snipp framme og 14 cm høgde i sida. Ermane er 51/48 cm lange og 34 cm vide (19 cm ved handleddet). Bladmønstrete brun skoning (belegg) framme og i hals, lerret midt bak. Elles er trøya utan fôr. Merke etter to par hekter/maljer i livet. Dette har nok vore ei stastrøye i si tid! Slike trøyer vart brukt inni overliv i ein avvikande farge, truleg grønt i dette høvet.
Raud ermetrøye utan kanting
Godt bevart stastrøye som er sydd nesten utan at stoffet er skøytt. Det særprega ved denne trøya er at det manglar band langs hals og framkantar. Tre cm breie silkeband med rosemønster ved handleddet (vidde 20 cm), med ein smal kvit tittekant. Ermet er skona med fem cm ubleika lerret. Livvidde 64 cm, høgde til snipp 31 cm. Berre fôr i bolen. Høgde rygg er 37 cm og armane er 59/57 cm lange. Trøya har brei rygg, 26 cm i livet. Merke etter to cm band nede, evt. er det jaren på stoffet? Trøya er truleg noko nyare enn forrige ermetrøye. Begge er handsydde.
fredag 24. mars 2017
Forkle med tyllbroderi
Forkledet i kvitt bomullsstoff har ei innfelt bord på 19 cm av tyll med broderi i bomullsgarn (perlegarn) med heile og halve åttebladroser, inndelt av Andreaskors/romber. Forkledet er 77 cm høgt og 69 cm breitt og montert med maskin. Rynka til ei 26 cm lang linning i livet, knapphol i høgre side. Dobbelt stoff over og nedanfor borda. Dette forkledet er også truleg brukt til bunad/Nasjonalen og er tidlegast frå seint 1800-tal.
Forkle med hekla bord
Eit spesielt forkle i bomull med innfelt hekla bord med 5 åttebladroser omkransa av Andreaskors/krunerader. Mønsteret ber preg av hardangersaum og det er truleg meininga også! Forkledet er 80 cm høgt og 68 cm breitt og montert med maskin. Rynka til linninga i livet til 29 cm. Dobbelt stoss nedanfor hekleborda. Dette forkledet er truleg brukt til bunad/Nasjonalen og er tidlegast frå kring førre århundreskifte.
fredag 17. mars 2017
Overliv prega av kjolemote
Dette er eit typisk overliv i tynt ullstoff, frå slutten av 1800-talet, prega av kjolemote med langt liv, smal talje og av "nasjonalen". Hand- og maskinsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, som også er å sjå på eldre overliv. Liv og fôr er kasta saman nede. Livvidde er 67 cm, ryggen er 38,5 cm lang og høgde i sida er 22 cm. I motsetnad til forrige overliv går banda saman under armane og heilt ned i livet. 3 hekter/maljer i livet.
Handsydd eldre overliv
Overlivet er fint handsydd i nydeleg brokadestoff. Kanta (kvara) med stripete 1,3 cm breie silkeband/stoff langs armhol, hals, framme og på skuldrene. Gullkniplingar innanfor silkebandet, unnateke 6 cm i armhol og 10 cm framme. Ryggen er 31,5 cm høg, skulderbreidde 11 cm, høgde i sida er 14 cm og midt ramme 24 cm. Livvidde 75 cm. 6 cm mørkegrønt ullstoff nede kjem i tillegg til desse måla. Sidesaumane er rette og berre trekt litt bak på ryggen, dette tyder på eit eldre overliv, men det er likevel ikkje så kort som dei eldste overliva me kjenner til. Merke etter hekter/maljer i livet.
fredag 10. mars 2017
Stormønstra overliv
Dette overlivet har snitt med brei rygg, men er lengre enn dei eldste overliva som har meir primærsnitt. Omsaumen med maskin (nye skulder- og sidesaumar) verkar hastig gjort. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, 4 - 6 cm fløyel under armane. Slike fløyelsband er mykje brukt på seinare overliv, dei kan såleis vera sekundære. Overlivet er 36 cm langt i ryggen og har ei livvidde på 68 cm. 18 cm langt i sidene. Nede er det ein liten valk. Stoffet verkar meir 1700-tals, men det kan vera stoff ein har hatt liggjande. Det finst minst to andre overliv frå Tysnes i tilsvarande stoff.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






















