mandag 6. januar 2020

Kvitt forkle med hekla blonde



Dette spesielle kvite forkleet er 93 cm langt og 69 cm breitt. I livet er vidda samla med tre gruppelegg til 37,5 cm. To cm brei linning som held fram rundt livet, totalt 81 cm. Knapp og knapphol i sida. Fire biser som startar 15,5 cm frå nedre forklekant. Kantbord nede av ein 10,5 cm brei hekla blonde med sju taggar. Blonden er hekla ut frå kvar rose. Forkleet er maskinsydd. Dette liknar på forkle brukt i Fana, men i Fana plar det vera ei innfelt bord og evt dekor på sidene. Forkleet kan vera frå slutten av 1800-talet (jfr. lengda) - før "nasjonalen" - eller kanskje mykje seinare?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar