søndag 5. januar 2020

Svart forkle - moteplagg



Dette er eit seint forkle påverka av kjolemoten, maskinsydd. Det er 65/73 cm langt og 63 cm breitt. I livet er det lagt seks djupe legg på kvar side slik at vidda oppe blir 30 cm. Stoffet er bretta ned til linning. Knyteband. Brei blonde på sidene og nede, der forkledet er boga. Stoffet, som  kan vera glansa bomull, har striper i seg. Slike svarte forkle vart brukt til kjolemote (eller skjørt og bluse). Ein kan gjerne seia at dette er ei påkosta utgåve av forkleda med tre breidder, såkalla "serveringsforkle".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar