søndag 5. januar 2020

Svart forkle med lilla og grøne striper


På Vestlandet var det vanleg med silkeforkle frå siste del av 1800-talet. Dei var ofte svarte med lilla og grøne vertikale og horisontale striper. Det er blitt vove slike silkeforkle til bunad i seinare tid. Forkle eller stoff har truleg også vorte importert med sjømenn, som konegåver. Dette forkleet har striper i raudlilla og grønt, to breie og to smale vertikale, samt horisontale striper nede. Forkleet er 73 cm langt og 68 cm breitt, har jare i begge sider og er elles maskinsydd. I livet er det to djupe legg på kvar side slik at vidda blir 45 cm. Snora som er festa til livet held fram som knyteband. Nede er det ein fem cm brei blonde, som er fint avslutta med ein firkant svart silkestoff i kvar side.


torsdag 2. januar 2020

Bringeklut med spennande fargar


Bringekluten har ei bord i klostersaum med ullgarn på stramei i m.a. blått, grønfargar, gult, orange, burgunderaud og svart. Raud botnfarge bind det heile saman. Motiv er ei stor rute på kant med ei åttebladsrose inni og to breie Andreaskors, fylt ut med ruter og trekantar. Dette er innramma av fleire taggerader og ei line med stilkesting. Kvarde av stripete silkeband øvst. Stripete sidefelt ved broderiet og eit svart midtfelt i jerseyliknande stoff, alt er montert på eit grovt stoff med breie striper. Det er brukt spreke fargar i broderiet og garnet er godt utnytta - legg merke til at det er brukt ulike grønfargar i dei to store korsa! Dette gjev likevel eit spennande uttrykk. Ein kan undra seg over om det svarte stoffet er sydd på i ettertid? 


onsdag 1. januar 2020

Staseleg bringeklut med perlenett



Denne bringekluten frå Onarheim har eit perlenett på omlag 15 x 15 cm: Ei kvit 8-bladsrose er omkransa av firkantar med grøne, okergule og blå perler. Over 8-bladsrosa er det ei seperat bord av perlenett. Ytterlegare dekor er to silkeband øverst. Bakstykket er av ubleika lin eller bomull og er skøytt på nede med maskinsaum. Rutete sidefelt, blåstripete felt øverst. Det finst mange gamle bringeklutar med perlenett, og typisk er perlenettet  montert på raudt ullstoff, som her. Det uvanlege med denne bringekluten er den vesle borda av perlenett øvst. Evt. kan perlenettet ha tilhøyrd ein eldre bringeklut, men vore montert på nytt, for å høva til moten med lengre overliv. Men den historien kjenner me ikkje!



søndag 29. desember 2019

Mansjettar med hekling




Desse flotte mansjettane er 22 cm lange og 8 cm breie. Dei er maskinsydde med stikning langs kantane. Den hekla blonden med rutenett av stavar og luftmasker, og avslutta med 8 tunger, er sydd fast til eit 2,5 cm breitt dobbelt bomullsstoff. Det er ikkje merke etter lukking eller at mansjettane har vore sydd fast til eit plagg. Mansjettane kan ha vore brukt i overgang til moteplagg, kan henda til ei knappetrøya?



søndag 1. september 2019

Skjortebryst



Dette er eit nyare, maskinsydd plagg. Skjortebrystet har eit lite bakstykke. Dekor med biser i fronten og ei 2,5 cm brei list med plattsaumbroderi. Halslinninga er 3 x 40,5 cm. Skuldersaumar er handsydd og lagt ned for hand. To knappar og knyteband nede.😊

Skjortelinning


Linninga er 38 cm langt og 4,5 cm høgt. Teknikk er knipling med hekleborder ytterst på langsida.  Motiv er romber og Andreaskors. Broderiet er sydd fast til linstoffet, som er falda inn 0,5 cm med kastestyng. Stoffet kan vera slitt eller klyppt av på eine sida. Kan dette ha vore brukt som ei slags halvskjorte? 

Stakkalinning - eller kanskje belte?


Dette har anten vore ei stakkalinning eller eit belte. Det er brodert på det som truleg er ein tidleg type stramei med grønt og raudt ullgarn i korssting og med gjennomskinlege perler. Motiv er Andreaskors og romber. Raud sikksakk - bord langs eine langsida, fylt ut med blått i smøyg. Merke etter tråklesting med brun lintråd langs andre sida. Fôr og lukking er fjerna. Det måler 72 x 2,5 cm. Historikk er ukjend, men teknikk og motiv kan tyda på at dette kanskje er frå 1870-åra.


Skautaband




Det er brodert på bomullsstoff med plattsaum. Motiv er åttebladsroser. Primhol i midten og fem primhol mellom rosene. Lengde 43 cm, breidde 2,5 cm. Broderiet på det umonterte stykket er 24 cm langt.

Diverse band

Metallbanda er ein cm breie og 22/30 cm lange, truleg tenkt til dekor på bringeklutar. Kroklissen nederst er sju millimeter brei, men noko ujamn. Denne kan vera tenkt til dekor på overliv, innanfor andre band. 



Under: Mønstra silkeband som kan ha vore dekor på bringeklutar. 😊










😊

Vovne band

Dette er ein rull med 1,5 cm breie vevde band. Renning av hamp/lin, samt gul og grøn stripe på sidene. Innslag av raudt, tynt ullgarn. Motiv er Andreaskors/romber. Kan banda vera tenkt til hårband? Kjenner ikkje til slike band på overliv frå Tysnes. Banda er kjøpt på auksjon i si tid, og kan også ha vore "importert frå eit anna draktområde.



Det tettvevde bandet måler 56 x 2,5 cm og kan ha vore tenkt som stakkalinning. Ubleika bomull i renninga på sidekantar. Innslag av tynt ullgarn i raudt, blått og bondeblått. Motiv er Andreaskors og romber.😊




Overliv - "nasjonalliv"



Typisk overliv til "Nasjonalen" i raudt/rosa silkestoff. Det er kanta med 2,5 cm breitt bomullsband med rosemønster. Nederst framme er det skøytt på med sju cm svart glansa stoff (istadenfor band) - alt sydd på med maskin. Nede ein kant i silkestoffet. To par hekter/maljer i livet.😊



Fargerik bringeklut med blå stråperler



Denne fargerike bringekluten har eit perlebrodert midtfelt på ca 14 x 14 cm med ein fire--blada blom og åttebladsrose i midten. Det er brukt kvite, gull og blå stråperler, samt grøne og kvite perler. Bringekluten er ca 27 cm brei og 23 cm høg og er truleg montert for hand. Øverst er det ein tre cm blå silkekvaring med ein gullknipling over. Rosemønstra sidefelt og bakstykke av brunstripete flanell.😊



søndag 11. august 2019

Bringeklut med småmønstra sidefelt


Bringekluten har silkeband øvst med sølvblonde utanpå. Midtfeltet i raudt ullstoff på 15 x 15 cm har dekor av åttebladsroser av kvite, blå og gull stråperler, samt perler i kvitt, blått, gult og store i "sølv". Til saman dannar mønsteret eit Adreaskors (kvitt) og eit gresk kross (blått). Bringekluten har småmønnstra blå/lilla sidefelt på kvit botn. Bakstykket er av stripete bomullsstoff med blomar. Bringekluten kan vera montert for hand og er truleg frå overgangen til lengre overliv.😊




Svarthuve -Tysnes - huve


Denne handsydde konehuva frå Tysnes er laga av svart ullstoff og fôra med ubleika bomullsstoff, begge kypertvevd. Bak er det ein 26 cm lang løpegang med ei tynn snor til å knyta i nakken. Det runde bakstykket er flatt oppe, breidde 37 cm og høgde 34 cm. Framstykket er fasongskore. Ullstoff og fôr er sydd saman med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. På vranga i andletsopninga er det eit skråklyppt ullstoff 40 x 4 cm, samt eit stivt stoff under det. Eit to cm breitt silkeband viser på retta. Over framkanten vart det lagt eit om lag 130 cm langt svart silkeband som vart knytt bak, men dette er ikkje bevart med huva. Tysnes-huva vart også kalla lurehuve!😊



fredag 2. august 2019

Svarthuve i mørk blå fløyel





Denne godt bevarte, handsydde huva skil seg ut frå "normalen" ved at det er svart band på blå huve - på jentehuver (for ugifte kvinner) brukte det vera blå/lilla band. Framstykket er heller ikkje fôra, huva blir såleis meir lapsete. Bakstykket er nesten rundt (31 x 30 cm), framstykket er fasongskore.  Fløyel og det gule bomullsfôret er sydd saman  med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. Framme er huva kanta på vranga med skråklyppt brunt dobbelt ullstoff. Svart silkeband på retta. Nede er huva kanta med eit smalt roseband. Løpegang med tynn snor til å knyta i nakken. Fløyelshuver var til stor stas, dette var nok inga kvardagshuve!😊