Sjølv om denne bringekluten har flott dekor av stråperler (kvite, blå, gull og sølv) montert på raudt ullstoff, er dette ein mindre arbeidskrevande perleteknikk. Motiv er åttebladsstjerner omkransa av kors/stjerner. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Mellom det raude og mørkgrøne ullstoffet er det eit smalt metall "gullband". Perlebroderiet er ganske slitt, det kan kanskje ha vore brukt på ein kortare, eldre bringeklut. Montering av sidefelta av orange bomullsstoff med svarte prikkar er utført med litt røff maskinsaum. At alle sidefelta er av same stoff kan også tyda på remontering. Den smale typen metallband er heller ikkje vanleg på dei eldste bringeklutane. Baksidestoff av ubleika bomullslerret. Uansett ein flott bringeklut som kan ha hatt ein mangslungen historie!
søndag 30. august 2020
torsdag 27. august 2020
Vakker og velbrukt bringeklut
Denne fargeglade
bringekluten har perler montert på raudt, kypertvove ullstoff, som er smuldra
mykje opp. Eit papir-innlegg viser bak det raude stoffet. Kvite, blå og gyldne
stråperler, samt blå, kvite og store gyldne perler dannar eit gresk kors over
eit Andreaskors. Kvite stråperler øvst dannar ein sikksakk, med små blå perler
imellom. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster og ein gullknipling over.
Kan henda er bringekluten montert på nytt. At det er brukt det same blå
bomullsstoffet med kvite prikkar både på sidekantar og bakstykke kan gjerne
tyda på det, dessutan var det vanleg at sidefeltet nede var av eit anna
stoff.
søndag 16. august 2020
Påkosta langt overliv med smal rygg
Påkosta langt overliv med smal rygg. Dette er eit "nasjonalliv", men også prega av eldre symåte med eit belegg (blått med kvite prikkar) under snippen. Heile overlivet verkar handsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og smale metallband innanfor. Banda går heilt saman under ermane, i motsetnad til det som var vanleg på tidlegare overliv. Framme er det skøytt på med svarte smale band. I livet er stoff og fôr sydd saman med kastestyng. To par hekter/maljer i livet. Fôr av lyst, stripete bomullsstoff, ubleika stoff i ryggen. Under snippen er det trykknappar til feste for bringeklut, desse kan evt vera sydd på seinare.
søndag 9. august 2020
Bringeklut med perlenett
Bringekluten har perlenett av kvite, bondeblå, oker og grøne perler, montert på raudt ullstoff. Motiv er fire heile og fire halve romber, med Andreaskors som deler opp rombene. Bringekluten er kanta med eit blått, skinande stoff, dette er truleg sekundært, også fordi den typiske borda øverst manglar. Det mønstra bomullsstoffet nederst verkar derimot originalt, og det er sydd på for hand. Fôret er av kypertvevd ubleika lerret. Kan evt vera sydd om til barnebringeklut, med trykknappar til å festa bringekluten inni overlivet. Uansett eit flott lite plagg som kan ha vore i bruk lenge.
mandag 3. august 2020
Flott bringeklut med stråperler
Denne flotte bringekluten har dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt småperler, montert på raudt ullstoff. Motiv er ein stor Andreaskors omkransa av mindre åttebladsstjerner og små kors og rosettar. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt av rosamønstra bomullsstoff, det same stoffet finn ein også i ei klutatrøye frå Tysnes. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret. Montering er delvis gjort med maskin. Evt kan bringekluten vera remontert, men det er vanskeleg å sjå. Bringekluten er i god stand, men enkelte perler har løsna.
søndag 26. juli 2020
Grønt overliv med kvite perletaggar
Klassisk overliv i grønt ullstoff, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Lukka med hekter og maljer. Liten valk i livet. Fôret av ubleika stoff i fiskebeinsmønster er lagt til for hand med mørk tråd. Heile overlivet verkar solid handsydd, og er ikkje omsydd. Sidesaumane er trekte litt bakover, men ryggen er ikkje så smal som den vart seinare. Overlivet er lenger enn dei gamle korte overliva med brei rygg. Uansett er dette eit fint døme på draktskikken på Tysnes mot slutten av 1800-talet. Evt. kan handsaumen tyda på datering så tidleg som kring 1870, men dette er usikkert.
Solid utført handsaum på vranga!
søndag 19. juli 2020
Ein uvanleg bringeklut!
Denne bringekluten er brodert på eit teljestoff i bomullskvalitet. Leggjesaum i blått ullgarn dannar bakgrunnen. Gjennomskinlege perler dannar eit motiv som liknar på ein tulipan. Bokstavane BR AD er brodert med perler. D står for dotter. Bringekluten er ikkje ferdig montert. Både bakstykke og kvarde øvst manglar. Alle sidefelta er av same stoff, det mest vanlege var at det nedste feltet var i eit anna stoff. Broderte initialer ser ein helst på dei eldste bringeklutane. Evt. kan det her vera snakk om ei ettermontering. Uansett er dette ein uvanleg bringeklut!
søndag 12. juli 2020
Overliv utan kvaring i halsen
Dette nette overlivet av raudt ullstoff er spesielt fint utført med handsaum. Fôr av ubleika bomull eller lin, hekter og maljer i livet. Overlevet er kanta med grøn silke (klyppt etter trådretninga) langs ermhol og framme, men ikkje i halsen, dette er uvanleg på Tysnes. Under ermane er det skøytt på med svart fløyelsband med rosemønster. Perletaggar rundt ermholet, perlerad av småperler og stråperler framme og over skuldrene. Overlivet har brei rygg. Kvaring i hals og valkekanten i livet er av same stoff. Overlivet har både gamle trekk (grøn silkekant, brei rygg, liten valk og handsaum) og kanskje nyare, kreative trekk; perlerad framme og på skuldrene. Kan overlivet evt vera frå eit anna distrikt?
lørdag 4. juli 2020
Overliv med særpreg
Dette overlivet av raudt ullstoff har eit påskøytt stykke i livet og i sidene. Stykket nede er sydd på med maskin på1960-talet, medan livet elles er handsydd. Brei rygg. Langs hals, framkantar og ermehol er det mønstra band, med breie sølvkniplingar innanfor. Band og knipling går saman under ermane, i motsetnad til på eldre overliv. Sølvkniplingar var vanleg på eldre, korte overliv, men kunne også bli brukt på nasjonaldraktliv. V-forma halsringing er ikkje typisk. Fôr av ubleika lerret. Trykknappar til feste for stakk. Framme er det sydd på tre store maljer til snøring, desse er av nyare type. Overlivet verkar omsydd ein eller fleire gonger. Kan det vera ein type "nasjonalliv"? Uansett kunne dette staselege overlivet truleg hatt ein mangslungen historie å fortelja!
søndag 28. juni 2020
Silkesjal - ein viktig del av folkedrakta
Silkesjal var ein viktig del av folkedrakta. Dette flotte silkesjalet måler 63 x 65 cm og har rutemønster i svart og to lilla nyansar, innramma av grøne, smale striper. Stiliserte blomemotiv inni rutene. Silketørkle gjekk mykje ut or bruk då det vart slutt med den gamle folkedrakta, men kan gjerne takast i bruk til bunad i dag! Til mange rekonstruerte bunader høyrer det med silkesjal.
søndag 21. juni 2020
Bringeklut med bord oppe, eldre type
Bringekluten har ei korsstyngsbord på lin eller tidleg stramei der eit symmetrisk, stilisert blomemotiv i lilla, raudt, grønt, kvitt og gult dannar hovudmotivet. Raude korsstyng i botnen. Ei tagga bord i klostersaum øverst. Metallband mellom broderiet og det grøne feltet av linstoff i midten. Sidefelt av lillamønstra bomullsstoff, rosamønstra flanell nede. Svart fløyelsband med rosemønster øverst. Bringekluten er montert på eit bakstykke av kvitt lerret eller liknande. Alt er handsydd. Denne bringekluten er av den tidlege typen, med litt brei bord oppe. Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.
søndag 14. juni 2020
Forseggjort og godt bevart bringeklut
Forseggjort og godt bevart bringeklut. Tidlegaste eigar skal vera fødd i 1849. Broderiet er i klostersaum på linstoff, med ullgarn i klare, skarpe fargar; raudt, blått, grønt, kvitt, gult og lilla. Kvite felt er brodert. Garnet er truleg anilinfarga; frå 1800 vart det mogleg å kjøpa importerte fargestoff som dei nye anilinfargane. Farging med planter var likevel fremleis stort sett einerådande. Kan vera brodert med Zephyr-garn, som er farga med syntetiske fargestoff. Motiv er åttebladsroser og stjerner, bord oppe med romber og Andreaskors i kombinasjon. Broderiet er omkransa av to typar småmønstra, trykt bomullstoff i gammalrosa og kvitt. Svart fløyelsband med blomemotiv, samt kroklisser øverst. Bringekluten er montert for hand, og at det er brodert på linstoff tyder også på datering før 1870, då strameien kom. Likevel har bringekluten eit moderne preg! Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.
søndag 7. juni 2020
Gammal bringeklut med perlenett
Staseleg bringeklut med stort pernenett montert på raudt ullstoff. Perlenettet er truleg tredd på tvers med ei nål, start øverst. Kvite, grøne, oker og blå perler. Motiv er Andreaskors og romber i rutemønster. Grøn, slitt kvaring øverst, med strie under og sølvknipling over. Bringekluten har avrunda form og det er sydd med leggsaum over ein blå ulltråd rundt det raude ullstoffet. Baksidestoffet av grønbrunt ullstoff er kasta over med blå tråd. - Bringekluten har eldre preg. Fyrste kjende eigar skal vera fødd i 1848. Både mønster og teknikk er mykje brukt i heile Hordaland, men fargane kan variera. I tillegg er dette ein sølvbordebringeklut, med knipla sølvborde på kvaren. Dette kan vera ein rituell dekor, brukt i trulovingstida - sølvborda kunne bli fjerna etterpå og bringekluten brukt på vanleg måte. Men denne er i alle fall blitt bevart! Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.
søndag 31. mai 2020
Bok om bringeklutar
Denne flotte boka om bringeklutar frå Smøyg forlag kom i posten hin dagen. Forfattar er Heidi Fossnes, redaktør for Magasinet Bunad, som også har gitt ut fleire bøker relatert til folkedrakt og bunad. Boka er rikt illustrert med foto og også med ein del instruksjonar. Femten sider omhandler bringeklutar frå Tysnes! Så til de som lurer på noko om bringeklutar: Dette er eit skattkammer!!
søndag 24. mai 2020
Velbrukt gammal bringeklut!
Dette har nok vore ein staseleg bringeklut til den gamle draktskikken med korte overliv, rundt 1850 eller før. Dessverre er den blitt mykje øydelagt, truleg av små gnagarar. Bringekluten har perlenett i kvitt, svart, grønt og oker og er montert på eit raudt plysjliknande stoff. Motiv er ei stor åttebladsrose inni ein rombe av kvite perler, svarte ytterst. Restar etter ein to cm brei blomstrete kvaring. Mellom kvaring og perlenett er det ein gull- eller sølvknipling. Bringekluten måler ca 27,5 x 22 cm og er montert for hand på ullstoff med mørkeblå striper. Det stripete ullstoffet kan vera same type stoff som tidlegare vart brukt i arbeidsklede i Holland, det kan tyda på import av stoffet. Uansett må denne bringeklutan vera svært gammal.
Abonner på:
Innlegg (Atom)