Laskatrøye for kvinner av svart klede. Trøya er kvarda med tre cm breie fløyelsband langs hals, framme og på ermane. To laskar i kvar side, fint boga nede. Lengde midt framme er 70 cm, høgde under arm 57 cm, rygglende 74,5 cm, ryggbreidde 40 cm, skulder 18 cm, total vidde nede 348 cm, lengde liv til nede 35 cm, vidde erme 36/22 cm, lengde erme 61 cm, breidde ryggstykke 7 cm. Lukka med tre hekter/maljer i livet, ei ved handledd der det er ein seks cm lang splitt. Sydd for hand med svart lintråd. Fôr av rosa mønstra bomullsstoff i bolen, ubleika lerret i ermane. Fôret er lagt til for hand med lukka saumar, unnateke på laskar og ermehol der sårkantar viser og er kasta over. Laskatrøya var først og fremst eit inneplagg, til ytterplagg vart det gjerne brukt storsjal.
torsdag 26. oktober 2023
tirsdag 10. oktober 2023
Muffe?
mandag 2. oktober 2023
Kristnebleie eller dåpssmekke
Om kristnebleie på lokalhistoriewiki
torsdag 17. august 2023
Hekla pung
Hekla pung i fastmasker og staver med mønster. 20 x 6,5 cm. Små metallperler er sydd på eller hekla inn. 1,5 cm metall roser og kuler i kvar ende. Opning 6 cm midt på. Lukka med to metallringar. Fargen er falma, har vore klar grøn (det viser inni pungen). Kan ha kome frå Fusa i siste halvdel av 1800-talet. Nydeleg utført handarbeid!
Bringeklut med brosjert silkestoff
torsdag 27. juli 2023
Klokkelomme
mandag 3. juli 2023
Bomullsforkle frå tidleg på 1800-talet
tirsdag 20. juni 2023
Bringeklut med Andreaskors
mandag 12. juni 2023
Bringeklut med namn
'
torsdag 25. mai 2023
Seinare type bringeklut
fredag 28. april 2023
Raud dåpshuve
torsdag 13. april 2023
Nydeleg lita dåpshuve
søndag 2. april 2023
Eit annleis overliv
fredag 24. mars 2023
Bringeklut med Hardangerpreg
torsdag 9. mars 2023
Belte tettperla på stramei
Beltet er tettperla på stramei, alle perlene vender same vegen. Kvite åttebladsroser med svart inni. Kvite sikk-sakkar som dannar ruter på kant med blå, grøne, burgunderraude, gyldne og svarte perler inni. Kvit perlekant på begge langsider. Lengde 65 cm, breidde 3 cm. Bakstykket av rutete bomullsstoff er sauma fint til for hand. Dette beltet er truleg nyare enn det forrige, og har vel helst vore brukt til ein lokal variant av Hardangerbunad.






















