søndag 11. juli 2021
Grønt overliv
søndag 4. juli 2021
Bringeklut brodert på både lin og stramei
onsdag 23. juni 2021
Halvskjorte med holsaum framme
torsdag 17. juni 2021
Trebladshuve til barn
fredag 11. juni 2021
Svarthuve til kvardags
onsdag 2. juni 2021
Bringeklut med bladmønster
Øvst er bringekluten kvara med svart fløyelsband med rosemønster. Strameiborda på 6 x16,5 cm har korssting i grønt ullgarn som dannar bakgrunn for perlebroderte blad i ulike fargar. Perleborder over og under broderiet, samt kvite perletaggar nedst. I midten eit svart ullstoff på 14,5 x 16,5 cm. Lillla rutete og raudblomstrete sidefelt friskar opp bringekluten, det siste er kan henda stoff ein har hatt liggjande. Baksidestoffet av mørk grønt bomullsstoff dannar også ein to cm kant nedst. Ytre mål er 28 x 27/24 cm. Klassisk bringeklut frå siste del av folkedrakta, "figursydd" til smal livlinje. Bladmønster er typisk for denne periden, då ein gjekk meir vekk frå symbolbruk, til rein dekor.
mandag 24. mai 2021
Bringeklut med store og små kors av stråperler
tirsdag 18. mai 2021
Tysneshuve - svarthuve
lørdag 8. mai 2021
Frodig bringeklut med flott bakside!
lørdag 1. mai 2021
Bringeklut med kniplingar og stråperler
mandag 26. april 2021
Strikkatrøye for mann
Velbrukt strikkaplagg i mørkeblått og ubleika tynt ullgarn. Nedst er det eit 26 cm lyst felt i glattstrikk, med fire cm vrangbord (to rette to vrange), avslutta med to riller. Mønsteret er striper med lus, kvar lus sett saman av fire masker. Ermane er strikka utover og sydd til bolen. Åttebladsroser nedst på ermane, avslutta med ein dobbel flettekant. Ryggbreidde er 54 cm, høgde 60 cm, armlengde 52 cm, armvidde 22/15 cm og skulderbreidde er 26 cm. Trøya er sydd saman i sidene og saumane er bretta til kvar si side og sydd til trøya med kastesting. Kanta rundt hals og framme (ikkje på det lyse feltet) med burgunderraudt stoff (grovt lerretsvove ullstoff). I ryggen er trøya lappa med ein ullstoffbit 8 x 7 cm. Restar av hekter/maljer. - Slike randete trøyer kan ein spora attende til midten av 1800-talet. Draktforskaren og etnologen Gunvor Ingstad Trætteberg skriv at dei rosespøta trøyene på Sotra kom med jekteskipparar frå Hardanger og Fjordane kring 1850. På Tysnes er slike trøyer å sjå på foto frå 1870-åra. Trøyer som ikkje er opne framme skal vera ei eldre form. Det lyse feltet vart frå fyrst av brukt under buksa, seinare opp or buksa også. Dette har nok vore ei trøye til stasbruk og som etterkvart er blitt redusert til kvardagsbruk. I boka Fanatrøyer (Eide forlag, 1998) kan du lesa meir om slike flotte trøyer.
mandag 19. april 2021
Bringeklut med brei bord av perlenett
mandag 12. april 2021
Bringeklut med bladmotiv
mandag 5. april 2021
Påkosta bringeklut
























