mandag 30. mai 2022
Bringeklut frå 1882
søndag 15. mai 2022
Velkommen til utstillingsopning «Tidemand i miniatyr – Dokker i Folkedrakt etter Adolph Tidemann sine draktstudier»
LES MEIR HER Utstillingsopning med føredrag – «Tidemand i miniatyr»
tirsdag 3. mai 2022
Enkel liten bringeklut
søndag 17. april 2022
Perlebroderte selar
Desse selane er heilt overbroderte med perler. Det er truleg brodert på linstoff. Gjentakande rose- og bladmønster av grå, kvite, gule, lilla, grøne og blå perler. Botnen er fylt ut med burgunder perler. Raude og olivengrøne snorer er sydde i krossmønster på endestykka. Bakstykkestoff av ubleika lin, i endane ser det ut til å vera bomullsstoff. Tre cm lange knapphol på dei spisse endestykka. Selane er montert for hand og er 5,5 cm breie og 90 cm lange, medrekna omlag 9 og 10 cm lange endestykke. Den gamle symbolbruken er borte og erstatta med nye former og mønster, med nytt innhald.
torsdag 7. april 2022
Barnebringeklut?
Liten bringeklut med perlenett montert på raudt stoff, truleg lin. Motiv er ei stor åttebladstjerne og romber av kvite, grøne, blå og oker perler. Kvite perletaggar rammar inn perlenettet. Øvst ein svart fløyelskvarde. Bakstykke av grovvevd ubleika bomullsstoff. Bringekluten er 15 cm høg og 17cm brei og er montert for hand.
torsdag 24. mars 2022
Bord til bringeklut med bokstavar
søndag 13. mars 2022
Grønt overliv med grindvovne band
Grønt overliv i kraftig kypertvove ullstoff, kanta med tre cm breie grindvovne raude band med blå hjarterosettar (kløver). Banda går ikkje heilt ned midt foran, og det manglar fire cm band under ermane, dette var vanleg. Hekte/malje der banda sluttar framme. Valk i livet, omlag fem cm i omkrins. Overlivet er utan fôr, men med skoningar av stripete bomullsstoff rundt halsen og framme. Side- og skuldersaumar er maskinsydde og bretta til sides. Ryggen skrår inn til berre 14 cm i livet. Andre mål: Vidde i livet 77 cm, høgde midt framme 35 cm, høgde i sida 22 cm, rygghøgde 40 cm og skulderbreidde 13 cm. Overlivet høyrer til den siste epoken med folkedrakter.
tirsdag 1. mars 2022
Klassisk bringeklut med bord
fredag 18. februar 2022
Velbrukt Tysneshuve - konehuve
mandag 7. februar 2022
Overliv med liten valk og taggerad av perler
lørdag 5. februar 2022
Med sidefelt og bakstykke i same stoff
tirsdag 18. januar 2022
Klassisk lang bringeklut med bord
tirsdag 11. januar 2022
Belte eller sele?
onsdag 5. januar 2022
Bringeklut i eldre tradisjon
torsdag 23. desember 2021
Umontert liten hjartebringeklut






